Voss stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Voss stasjon

Voss stasjon
Foto: Alasdair McLellan, 2007
Stasjonsområde
Stad Vossavangen, Voss (Vestland)
Koordinatar 60°37′44″N 6°24′36″EKoordinatar: 60°37′44″N 6°24′36″E
Distanse 385,32 km frå Oslo
Høgd 56,5 moh.
Opna 1883
Arkitekt Paul Armin Due
Linjer og rutedrift
Linje(r) Vossebanen (1883-1904)
Bergensbanen (1909-i dag)
Hardangerbana (1935-1985/89)
Eigar(ar) Bane NOR
Operatør(ar) Vy Tog
Overgang
Kart
Voss stasjon

Voss stasjon er den viktigaste jarnbanestasjonen i Voss herad i Vestland. Den ligg på Bergensbanen og var endestasjon då Vossebanen vart opna i 1883. Då Bergensbanen til Oslo vart opna av Kong Haakon VII i 1909 fann den offisielle markeringa stad ved denne stasjonen. Stasjonen ligg på Vossavangen, på nordaustre kant av Vangsvatnet, 56,5 meter over havet.

Stasjonen var tidlegare utgangspunktet for sidelinja Hardangerbana som gjekk til Granvin men dette sporet var lagt ned for passasjertrafikk i 1985 (og heilt nedlagt i 1989). Dei fleste lokaltoga vest på Bergensbanen som går lengre enn Bergen-Arna har sin endestopp ved Voss, sjølv om nokre lokaltog går vidare til Myrdal.

Stasjonsbygningen som vart bygd til opninga av Vossebanen i 1883 var ein trebygning teikna av Baltazar Lange. Denne vart for liten og vart riven og flytt til Dale stasjon. I staden vart det bygd ein større mura stasjonsbygning til opninga av Bergensbanen. Denne var teikna av Paul Armin Due.[1]

Frå opninga av Bergensbanen i 1909.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Reisegg (2004), s. 234.