Vossakasso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vossakasso er ei bakmontert kasse som vert nytta for å samla opp og transportera graset frå ein forhaustar i.

Vosakasso vert festa på trekkramma til forhaustaren og vert nytta der det er for bratt til å nytta tilhengar. Ho har om lag same breidd som ein traktor og ein trekanra profil, sett frå sida. Bakveggen i kassa er hengsla i overkant og vert opna når kassa skal tømmast.

I september 2004 blei Hordaland Mekaniske Verksted AS ein del av HMR Group, og skifta namn til HMR Voss AS.

Vosakasso vert produsert av HMR Voss AS (før sept. 2004 Hordaland Mekaniske Verksted) på Voss [1]. Ho har gjort det mogleg å mekanisera siloslåtten der det ellers ville ha vore vanskeleg å nytta forhaustar. Forsøk utført ved Landbruksteknisk institutt (LTI) har vist at Vossakasso kan vera like effektiv som tilhengar når avstanden til siloen er kort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]