Vossavinsjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Vossavinsjen var ein vinsj som vart produsert på Voss. Han vart skissert av Georg Hana under 2. verdskrig, og så konstruert ved hjelp av Hordaland mekaniske verkstad (HMV). Den fyrste modellen var ein eintromle vinsj driven av ein elektromotor[1], konstruert for å nyttast innan jordbruket på brattlendte gardar[2]. Denne vinsjen vart nytta både til pløying og for å trekkja høylass opp bratte bakkar og inn på låven.

Etter førespurnad frå Ivar Samset ved SkogforsøksvesnetÅs vart det laga ein totromla versjon, driven av av ein Volkswagen-motor[1]. Denne vinsjen vart nytta i samband med kabelkranar[1].

Senare vart det produsert ein liten bakmontert vinsj for traktor, med kjededrift frå kraftuttaket på traktoren, som høvde for traktorar med motoreffekt på rundt 30 hk. Han var populær på småbruk på 1950- og 1960-talet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Samset, I., Fra muskler til maskiner i skogen, Norsk skogmuseum, 2008.
  2. Weseth, G., Glimt fra mekaniseringen av vårt landbruk 1850-2000, Norsk Landbruksmuseum, 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]