Votivkrone
Votivkrone er ei votivgåve med form som ei krone, vanlegvis laga av edelmetall og ofte pynta med edelsteinar. Særleg i tidlegmellomalderen hadde dei ei særskilt form, der dei var utforma for å bli hengde i kjeder ved eit altar, ein heilagdom eller eit gudsbilde. Seinare døme er oftare utforma som typiske kroner i stilen til perioden dei blei laga i, og blei truleg utforma for å setjast på hovudet til ein statue, eller nyttast opp att etter å ha blitt gjevne som gåve.
Førkristne døme
[endre | endre wikiteksten]Det fanst heidenske votivkroner i antikken før kristendommen, men dei er for det meste berre kjende frå referansar i litteraturen. Vitruvius skreiv at då Hiero II av Syrakusa (død 215 f.Kr.) mistenkte at gullsmeden hans svindla han då han skulle laga ei votivkrone til ein statue i eit tempel, som han hadde gjeve gull til å bli brukt til, bad han Arkimedes om å utforma ein test. Dette førte til Arkimedes sitt berømte eureka-moment, etter at han innsåg at han kunne teste krona ved å samanlikna fortrenginga av vatnet med den av same vekt av reint gull; ved dette fann han att gullsmeden hadde nytta litt gull men også tilsett sølv.[1] Frå andre referansar ser det ut til at i klassisk tid kunne ein gje kroner ikkje berre til statuer av gudane, men òg levande herskar med håp om eit gunstig svar på ein førespurnad.
Hengande kroner
[endre | endre wikiteksten]
Det største talet på attverande døme på kristne hengande votivkroner frå tidleg mellomalder kjem frå det visigotisk Hispania på 600-talet, særleg frå Guarrazar-skatten frå nærleiken av Toledo, som omfattar tjueseks eksemplar i gull. Desse blei truleg skjulte etterkvart som den muslimske ekspansjonen nærma seg. Skatten blei utgraven i 1859, og er no fordelt mellom det nasjonale arkeologiske museet i Spania i Madrid og Musée de Cluny i Paris.[2] Typen var likevel opphavleg romersk eller bysantinsk, og utbreidd i Europa.[3] Nesten alle desse kronene er gått tapt, ettersom dei var særs sårbare for tjuveri eller plyndring. Dei kunne ikkje brukast som hovudplagg, sidan dei var for små og svært ofte òg hadde pendilia, eller hengande prydnad på kjeder som hang frå hovudkrona, ofte med juvelar og kanskje forma til bokstaver som danna eit ord eller uttrykk. I dømet over stavar bokstavane på pendilia «RECCESVINTHVS REX OFFERET», eller ‘Kong Recceswinth gav denne’.[4] Dei kongelege gåvene markerte underkastinga av monarkiet til Gud.[5] Slike gjenstandar blei truleg påvirka av dei tretti hengande gullkronene som Justinian fekk sett opp rundt hovudaltaret i Hagia Sophia.[6] Desse er no gått tapt, sjølv om den kristne praksisen minst går tilbake til 300-talet.[7]
Hovuddelen av hengande kroner er som regel flate ved toppen og langs undersida; nokre er berre eit ope rammeverk av fleksibelt festa metallstykke. Slike kroner fanst truleg i heile det kristne Europa i denne perioden; testamentet til 572 av Aredius, ein rik venn av Gregorius av Tours i Gallia, skildrar ei krone som høyrast veldig lik ut i form som dei spanske døma.[8] Jernkrona frå Lombardia blei mest truleg laga som ei votivkrone med ei løfte, sjølv om ho seinare blei brukt til kroninga av monarkar som Karl V og Napoleon I. Ei anna gullkrone var ei kjelde til strid i Konstantinopel; ho blei gjeven til keisar Maurikios (r. 582-602) av kona hans Constantina og keisarmora Sophia til påsken 601 for å brukast av han. I staden fekk han henne hengd i lenkjer over hovudaltaret i Hagia Sophia, noko dei to damene mislikte.[9] Krona hang der i nesten to hundre år, til keisar Leo IV ville ha henne og tok henne til eige bruk. I ei mistenkeleg god historie var krona rikt dekorert med karbunklar eller karfunklar (edelsteinar), og Leo, som var ein ikonoklast, døydde kort tid etter av eit utbrot av karbunklar (hudbyller), slik at kyrkja kunne dra den åpenbare konklusjonen; andre soger sa at han blei forgifta av kona si.[10] Ein annan bysantinsk votivkrone, gjeven av Leo VI (r. 886-912) er no i skattkammeret i San Marco, Venezia, og er dekorert med cloisonné-emalje.[11]
Votivkroner til statuer
[endre | endre wikiteksten]Ei seinare mellomalderkjelde frå England seier at kong Knut gav ei krone, eller «si» krone, som skulle plasserast på eller over («super caput») den store krossen i Winchester domkyrkje (andre framståande folk pryda statuer med smykke eller sverd).[12] Den angelsaksiske krønika fortel at folka til opprøraren Hereward the Wake plyndra ei krone i massivt gull frå toppen av krossen på hovudaltaret i Peterborough domkyrkje i 1070.[13] Den romanske perioden såg høgda av krona bilde av Kristus, som ofte blir vist med krona på krossen i figurar av tre og metall, og i illuminerte manuskript, og òg innføringa av bilde av jomfru Maria med krone i Vesten, etterkvart som omgrepet om Maria som himmeldronning blei stadig meir utbreidd.

Ei svært lita krone frå sein mellomalder som no er i skattkammeret i Aachen-katedralen blei laga for den påkosta bryllaupsfeiringa i 1468 til Margaret av York, hertuginne av Burgund og syster til Edvard IV av England, og blei seinare plassert på statuen til jomfru Maria som votivgåve. Hi var utforma til å brukast på toppen av ein stor hovuddrakt og frisyre, eller kanskje på ein hennin, og er mykje mindre enn ei konvensjonell krone laga til å setjast direkte på hovudet.[14] Dette er no eit sjeldan eksempel på ei mellomaldersk votivkrone som har overlevd over jorda. Nokre år seinare, i 1487, blei krona som var brukt av tronkrevjaren Lambert Simnel gjeven til ein statue av Jomfrua i Dublin.[15]
Kroner utforma spesielt til statuer blei stadig meir tilverka, særleg i barokken og i den spanske verda. Dei har ofte ei flat, strålande «sol» rundt seg, i ein stil som også er blitt brukt til monstransar. Statuer av jomfru Maria og Jesusbarnet, av typen Jesusbarnet frå Praha, er blant dei mest krona. Andeskrona er ei votivkrone frå Colombia i gull med 450 smaragdar, tilsynelatande laga mellom slutten av 1500-talet og 1700-talet, kanskje opphavleg som eit takkeoffer for at byen Popayán blei spart frå ein pest. Krona er no i private hender i USA.[16]
Nyare døme
[endre | endre wikiteksten]Det er også blitt laga votivkroner i katolske land i moderne tid. Ofte har ein hatt slike kroner som del av kyrkjeskatten og berre tekne fram ved spesielle høve, som på relevante festdagar, då dei blir brukt av statuen. Kristus og jomfru Maria blir ofte konvensjonelt framstilt med kroner i kristen kunst, i framstillingar som Kroninga av Jomfrua, og er dei mest vanlege figurane å krona. Andre helgenar kan òg gjevast krone, særleg om helgenen var kongeleg eller martyr, ettersom martyrar blir lova kroner i himmelen av mange tekster.
I gresk tradisjon er to små bryllaupskroner, eller ei avbilding av desse, ein tama eller votivgåve som blir brukt til å be om eit godt ekteskap. Verkelege kroner som blir brukt i seremoniane går normalt til paret etterpå.[17]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Votive crown» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2025.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Beckwith, John, Early Christian and Byzantine Art, Penguin History of Art (now Yale), 2nd edn. 1979, ISBN 0-14-056033-5
- Dodwell, C.R.; Anglo-Saxon Art, A New Perspective, 1982, Manchester UP, ISBN 0-7190-0926-X (US edn. Cornell, 1985)
- Fletcher, Richard A. The Barbarian Conversion: from Paganism to Christianity, University of California Press, 1999, ISBN 0-520-21859-0, ISBN 978-0-520-21859-8
- Rossi, Cesare, Russo, Flavio & Russo, Ferruccio. Ancient Engineers' Inventions: Precursors of the Present, Springer, 2009, ISBN 90-481-2252-X, 9789048122523
- Schnitker, Harry. Margaret of York on Pilgrimage, in Reputation and Representation in fifteenth century Europe, eds. Douglas Biggs, Sharon D. Michalove, Albert Compton Reeves, BRILL, 2004, ISBN 90-04-13613-4, ISBN 978-90-04-13613-7
- Stokstad, Marilyn. Medieval Art, Harper & Row, 1986.
- Treadgold, Warren T., A History of the Byzantine State and Society, Stanford University Press, 1997, ISBN 0-8047-2630-2, ISBN 978-0-8047-2630-6
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Rossi & Russo, 11-12. Vitruvius text, see sections 9-12.
- ↑ Musée de Cluny, webpage with another crown Arkivert 2010-03-17 ved Wayback Machine., accessed May 20, 2010 (in French).
- ↑ Stokstad, 84
- ↑ Stokstad, 84
- ↑ Musée de Cluny, webpage with another crown Arkivert 2010-03-17 ved Wayback Machine., accessed May 20, 2010 (in French).
- ↑ Stokstad, 84; Beckwith, 345
- ↑ Chopin, Danielle Gaborit.Encyclopedia of the Middle Ages "Crown, art", edited by André Vauchez, Richard Barrie Dobson, Michael Lapidge, Volume 1, page 390.
- ↑ Fletcher, 62
- ↑ Garland, Linda Online biography of Constantina
- ↑ Treadgold, 370, though he says the crown was a different one, given by Heraclius
- ↑ «Image of Leo VI's crown».
- ↑ Dodwell, 212,
- ↑ Dodwell, 213,
- ↑ Image of Margaret's crown Schitker, 105-111 explores the donation in detail.
- ↑ Schnitker, 110
- ↑ Norman, Geraldine, ‘Crowning Glory of the Andes’: The Independent on Sunday, 18 June 1995. The crown was not in fact sold.
- ↑ Marriage Customs of the World.