Votre Serviteur Otiosis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Votre Serviteur Otiosis var eit vekebladvers gjeve ut av Johan Herman Wessel. Tittelen er sett saman av fransk og latin og tyder 'til teneste på fritida'.

Det var mot slutten av livet sitt at Wessel gav ut bladet. Første nummer kom ut våren 1784 og det siste, nummer 54, i juli 1785. Bladet hadde rundt åtte sider og kom ut kvar tysdag.

Wessel fylte bladet med komiske dikt og forteljingar. Smeden og Bageren stod på trykk for første gong i dette bladet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]