Vrådal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vrådal
stad
Vrådal kyrkje
Foto: Stiangutten
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Kviteseid
Postnummer 3853 Vrådal
Kart
Vrådal
59°19′26″N 8°28′30″E / 59.324°N 8.4749°E / 59.324; 8.4749

Vrådal er ei bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Bygdesentrum er Eidstod som ligg der Vråvatn munnar ut i Nisser. Næringsgrunnlaget er turisme (hotell, camping og skisenter), småindustri og litt skogsdrift. Namnet kjem truleg av det gamalnorske «vrá/ró» som tyder «ro/krok», gjerne brukt om gårdar som låg litt avsides, men det kan også kome av at dalen gjerr ein sving, altså er krokete [treng kjelde].

Vrådal kyrkje frå 1886 ligg på nordsida av Vråvatn. Ved vestenden av Vråvatn ligg bygda Vråliosen.

Gunnar Mandt og Halvor S. Nordbø var frå Vrådal.

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.