Vrådal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vrådal kyrkje
kyrkje
Stian Nordskog
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Vrådal
Fellesråd Kviteseid
Type Langkyrkje
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Material Tre
Innvigd 17. juni 1887
Tårn I vest
Klokker 2, O. Olsen & Søn, 1914 og 1922
Kyrkjegard Ved kyrkja
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1962
Sitjeplassar 170
Kart
Vrådal kyrkje
59°19′40″N 8°25′00″E / 59.32781944°N 8.41679167°E / 59.32781944; 8.41679167
Wikimedia Commons: Vrådal kirke

Vrådal kyrkje er ei langkyrkje i Kviteseid kommune i Telemark.

Gamlekyrkja i Vrådal, truleg den første åttekantkyrkja i Noreg

Dette er den tredje kyrkja i Vrådal, men dei to førre stod om lag 4 kilometer lengre aust, der den gamle kyrkjegarden fortsatt kan vitjast. Ei stavkyrkje vart der avløyst av ei åttekanta tømmerkyrkje i 1685 (innvigd 1686). Dette går for å vere den første åttekantkyrkja i landet, men ho vart riven i 1888, etter at den nye kyrkja vart teken i bruk.

Altartavle, preikestol og døypefont er overført frå gamlekyrkja.[1]

Vrådal kyrkje er sett i stand gjennom arbeid i løpet av 1990-talet og 2000-talet. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nordbø, Halvor (1970): Vrådals gamle kyrkje. Serprent av Årbok for Telemark, 1970.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]