Vretstorp

Koordinatar: 59°1′20″N 14°52′10″E / 59.02222°N 14.86944°E / 59.02222; 14.86944
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°1′20″N 14°52′10″E / 59.02222°N 14.86944°E / 59.02222; 14.86944 Vretstorp er ein svensk tettstad i Hallsbergs kommun i Örebro län i landskapet Närke. I år 2005 hadde tettstaden 841 innbyggjarar, og ei geografisk utstrekning på 184 hektar.[1]

Vretstorp voks fram som viktig lokal tettstad då jernbanen blei utbygd frå Hallsberg over Tiveden til Västergötland på slutten av 1800-talet. Då tettstaden hadde stordomstida si på byrjinga av 1900-talet var det mellom anna produksjon av treskeverk i Vretstorp. I dag er Vretstorp eit av få område i Hallsbergs kommun som opplever auke i folketalet, og den lokale barneskulen har blitt bygd ut fleire gonger.

Vretstorp høyrer til kyrkjesognet Viby församling i Strängnäs stift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistikk frå SCB: Tätorter; arealer, befolkning 2005 (svensk)