Vsevolod Mejerhold
Vsevolod Mejerhold | |||
| |||
Fødd | 28. januar 1874 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Penza | ||
Død | 2. februar 1940 (66 år) | ||
Dødsstad | Moskva | ||
Fødenamn | Всеволод Эмильевич Мейерхольд | ||
Alias | Доктор Дапертутто | ||
Verka som | skodespelar, sceneinstruktør, skodespelforfattar, politikar, filmregissør, teaterviter, regissør, pedagog | ||
Ektefelle | Zinaida Rajkh | ||
Born | Irina Vsevolodovna Meyerhold | ||
Prisar | Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk |
Vsevolod Emiljevitsj Mejerhold (28. januar 1874–2. februar 1940) var ein russisk skodespelar, teaterregissør og -teoretikar.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Mejerhold var fødd i Penza, som den yngste i ein rik familie. Faren var russisk og mora tysk. Opphavleg heitte han Karl Wilhelm Kasimir Meierhold, men bytta til Vsevolod Mejerhold då han 21 år gammal konverterte til den russisk-ortodokse trua. 1895 tok han til å studere jus ved Moskva-universitetet, men braut av studiane.
Året etter byrja Mejerhold på teaterskulen i Moskva. Frå 1898 var han medlem av ensemblet ved skulen og jobba med mange oppsetjingar. Etter han forlet teaterskulen i 1902 deltok han i ei rekke teaterprosjekt, både som regissør og skodespelar. Kvart enkelt prosjekt nytta han til å eksperimentere og utvikle nye metodar i regi.
Desse tidlege åra var han sterkt realisme-orientert. Frå 1905 la han heilt om, utvikla i staden ein nyskapande symbolistisk stil. Særleg modna dei kunstnariske evnene hans i åra 1906-07, då han var instruktør på Vera Komissarsjevskaja-teatret i St. Petersburg.
Tiåret 1907-17 arbeidde Mejerhold på dei keisarlege teatra i St. Petersburg. Han heldt fram å søke etter nye teatralske uttrykk. I desse stykka tok han inn tradisjon frå teaterformer som commedia dell'arte, tenkte nytt om og tilpassa dei til den moderne teatralske røynda. Han sette opp klassiske stykke på ein nyskapande måte og presenterte arbeid av kontroversielle, moderne forfattarar som Fjodor Sologub, Zinaida Gippius og Aleksandr Blok. Oppsetjingane hans var ofte påverka av ulike stilar. I 1913 skreiv han den andre teaterfaglege boka si; Om teateret.
Mejerhold gledde seg stort over oktoberrevolusjonen i 1917, og var ein tilhengar av ideen om sovjetisk teater. I 1918 slutta han seg til bolsjevikpartiet og vart tenestemann ved teater-avdelinga til Utdannings-og opplysnings-kommissariatet. Der allierte han seg med Olga Kameneva, leiar av avdelinga i 1918-19. Saman prøvde dei å radikalisere russisk teater, som då effektivt var nasjonalisert og under bolsjevikane sin kontroll.
I 1919 Mejerhold vart sjuk av tuberkulose då han ei tid sat fanga hos motrevolusjonære i den kvite hæren. Etter den raude hæren fekk sett han fri, vende han tilbake til Moskva. Der var han i åra 1922-24 leiar for den nye staten si avdeling for teater og drama. I denne tida grunnla han sitt eige teater, kjent som Mejerhold-teatret.
Aktørane i Mejerholds produksjonar handla i samsvar med prinsippet om biomekanikk, eit system der aktørane i stykket gjennom kroppsrørsler skulle formidle det kunstnariske utrykket. Hold. Skodespelarane vart lært opp av Mejerhold sjølv eller hans næraste kollegaer.
Eit særleg vellukka stykke for Mejerhold var Le Cocu Magnifique («Den svikne ektemann») av den flamske forfattaren Fernand Crommelynck. Settet består av ei bygning med trapper, fasadar og rørlege trinsar og heisar. Innreiinga kan vere både stove, verkstad eller ei gate.
I byrjinga av 1930-åra skulda regjeringa gong på gong Mejerhold for anti-sovjetisk propaganda. Oppsetjingane vart rekna ueigna for det sovjetiske folk, så vel politisk som ideologisk. Dei fleste av produksjonane hans vart grunna den strenge sensuren ikkje tillatne.
Mejerhold-teatret vart i januar 1938 tvinga til å stenge. Sidan var Mejerhold regissør på Stanislavskij sitt teater i nesten eitt år, før han vart arrestert i Leningrad den 20. juni 1939. Berre veker etterpå vart kona hans, skodespelaren Zinaida Raikh, funnen død i husværet sitt i Moskva. Seinare same året vart Mejerhold brutalt torturert og tvungen til å tilstå at han jobba for japanske og britiske etterretningsorgan.
Mejerhold vart truleg avretta 2. februar 1940 i Moskva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vsevolod Meyerhold» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Wsewolod Emiljewitsch Meyerhold» frå Wikipedia på tysk, den 28. august 2024.