Väinö Tanner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Väinö Tanner
Väinö Alfred Tanner

Väinö Tanner ca 1940.
Fødd12. mars 1881
Helsingfors, Storfyrstedømet Finland,
 Russland Det russiske imperiet
Død19. april 1966 (85 år)
Statsborgar avFinland
PartiFinlands sosialdemokratiske parti
YrkePolitikark
Utdanna vedHelsingfors universitet
Ressu Upper Secondary School
EktefelleLinda Anttila[1]
BarnMaija Taka
VervFinlands 16. statsminister 13. desember 1926
17. desember 1927
VervFormann i det sosialdemokratiske partiet 19181926
19571963
VervFinlands utanriksminister 19391940
Verv19371939
19421944
VervFinlands forsyningsminister 1940
Alle verv
  • Finlands statsminister (1926–1927)
  • medlem av Finlands riksdag (1907–)
  • Finlands utenriksminister
  • Finlands finansminister (1937–1939)
  • Finlands finansminister (1942–1944) Sjå dette på Wikidata

Väinö Alfred Tanner[2] (fødd 12. mars 1881 i Helsingfors, død 19. april 1966)[3] var ein finsk sosialdemokratisk politikar for Finlands sosialdemokratiske parti (SDP). Han var den 16. statsministeren i Finland frå 1926 til 1927. Tanner vert rekna som ein av dei fremste politikarane i finsk historie, og spela ei avgjerande rolle i oppbygginga av det sosialdemokratiske partiet etter borgarkrigen i Finland i 1918.[1][2][3] Tanner deltok ikkje sjølv i borgarkrigen, men er velkjend for sin kamp mot kommunistane og seinare mot Sovjetunionen under andre verdskrigen, då han sat med fleire ministerpostar.[2][3][4]

Tanner var utanriksminister frå 1939 til 1940, då Vinterkrigen vart utkjempa mellom Finland og Sovjetunionen. Etter den finske framhaldskrigen vart Tanner i 1946 dømd til 5 1/2 års fengsel for lovbrot mot freden.[2][4][5] Han vart gjeven nåde i 1948. Fram til han døydde i 1966 deltok han mindre i den daglege politikken, men gav aldri opp den ideologiske striden mot kommunismen.[1]

Tanner var statsminister i den første regjeringa i finsk historie som var utgått frå venstresida. Han var staminister eller statsråd i sju ulike regjeringar.[1] Etter åra i fengsel vende han tilbake til politikken på 1950-talet, og fekk viktige leiarverv i det sosialdemokratiske partiet.[1]

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Tanner voks opp i Helsingfors, der far hans arbeidde ved jarnbanen. Sjølv utdanna han seg i bedriftsøkonomi.[1] Frå 1904 var Tanner ein aktiv medlem i det politiske partiet SDP. I 1907 vart Tanner vald inn i den finske riksdagen.[4]

Før, og under, borgarkrigen var Tanner mot eit samarbeid med det finske kommunistpartiet, eit parti som fekk økonomisk støtte frå den russiske sovjetrepublikken. For å kunne ha politisk innverknad gjekk han i dialog med, og samarbeidde ofte med kommunistane.[1] Dei «kvite», tyskstøtta partigruppene i Finland fekk inga politisk støtte frå SDP. Tanner såg på revolusjonen som ein trussel for demokratiske ordningar.[1] Etter borgarkrigen vart han partileiar, og fekk i oppgåve å samle partiet til kamp mot ein sterk, «kvit» majoritet. Tanner streid hardt for ei konstitusjonalistiske line.[1]

Tanner les ei kunngjering over radio ca. 1940.

Fram til 1926 sat ikkje SDP i regjeringsposisjon i nokon av dei 13 koalisjonsregjeringane, men Tanner klarte å halde posisjonen sin i parlamentet.[6] Før han vart statsminister fekk han fleire viktige verv. Mellom anna vart han i 1917 leiar for hovudorganisasjonen for samvirkelaga (Kulutusosuuskuntien Keskusliitto). Etter februarrevolusjonen i Russland medlem i den sosialistiske majoriteten i regjeringa danna av Oskari Tokoi.[1] Under leiing av Juho Kusti Paasikivi spela Tanner ei viktig rolle under forhandlingane om fredsavtala mellom Sovjet-Russland og Finland i 1920, ein avtale som avgjorde grensespørmsåla mellom dei to landa.

Regjeringsposisjon[endre | endre wikiteksten]

I 1926 fekk SDP sitt gjennombrot og tok regjeringsmakta åleine, noko som var uvanleg i eit Finland som på den tida var prega av svake og ustabile koalisjonsregjeringar. Tanners regjering sat med makta i nokså nøyaktig eitt år; frå desember 1926 til desember 1927.

Motstandskamp med SDP[endre | endre wikiteksten]

Den finske delegasjonen til Moskva før utbrotet av vinterkrigen. Tanner, på ein togstasjon, føre i biletet.[7]

I 1939 drog ein delegasjon til Moskva.[7]

Under den finske framhaldskrigen fekk Finland avgjerande støtte frå Nazi-Tyskland, noko Tanner godtok. Storbritannia, som hadde gått i allianse med Sovjetunionen mot Tyskland, åtvara finnane mot å krige mot russarane. Tanner kalla likevel tyskarane for «venene sine», og som skulle hjelpe dei å gjenvinne «europeisk kultur».[8]

Fengselsopphald[endre | endre wikiteksten]

Fleire finske politikarar vart dømde til fengsel av det sovjetet-vennlege leiinga etter andre verdskrig. Frå venstre: Henrik Ramsay, Tyko Reinikka, Antti Kukkonen, Edwin Linkomies, J.W. Rangell, Risto Ryti, Väinö Tanner og T.M. Kivimäki

Saman med fleire andre finske politikarar vart Tanner i 1946 dømd for «krigsansvar» og lovbrot mot freden av den sovjetisk-styrte leiinga. Retten hevda at Tanner var delvis skuld i krigen grunna lojaliteten til SDP og den «urikkande haldninga» hans mot sovjetisk innverknad.[4] Tanner vart opphavleg dømd til fem år og seks månader i fengsel for krigsbrotsverk, men vart benåda i 1948. Då han kom ut sa han at han måtte vere den beste levande reklamen for finske fengsel, sidan han la på seg og gjekk ned i tobakksforbruk.[5] Då han vart sett fri vart han av den raude pressa samanlikna med Pierre Laval og Vidkun Quisling.[2][5] Begge desse vart avretta for høgforræderi mot sine respektive heimland. Under opphaldet i fengselet skreiv han memoarbøkene Finlands väg 1939–1940 og Finlands väg til fred 1943–1944, begge utgjevne på 1950-talet.[2][5]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Finlands väg 1939–1940 (1950)
  • Finlands väg til fred 1943–1944 (1952)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 Jaakko Paavolainen. «Tanner, Väinö (1881 - 1966)» (på engelsk). Sett om av Roderick Fletcher. Biografiakeskus. Henta 16. januar 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Helge Giverholt. «Väinö Alfred Tanner» (på norsk). Store norske leksikon. Henta 10. januar 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Vaino Tanner» (på engelsk). Encyclopædia Britannica. Henta 10. januar 2011. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Jaakko Paavola (16. september 1997). «Tanner, Väinö (1881 - 1966)» (på finsk). Biografiakeskus. Arkivert frå originalen 15. mars 2010. Henta 10. januar 2011. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «FINLAND: Political Paavo» (på engelsk). Time Magazine. 6. desember 1948. Arkivert frå originalen 23. august 2013. Henta 10. januar 2010. 
  6. Ossmo Jussila; Seppo Hentilä; Jukka Nevakivi (1998). Finlands politiska historia 1809-1998 (på svensk). Schildts, Esbo. 
  7. 7,0 7,1 «Väkijoukko saatteli neuvottelijat Moskovaan» (på finsk). Yle.fi. 20. november 2009. Henta 11. januar 2011. 
  8. «FINLAND: Tangle and Tanner» (på engelsk). Time magazine. 6. oktober 1941. Arkivert frå originalen 21. januar 2011. Henta 10. januar 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Väinö Tanner