Værlandet

Koordinatar: 61°17′58″N 04°43′11″E / 61.29944°N 4.71972°E / 61.29944; 4.71972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Værlandet
Geografi
Stad Sunnfjord
Koordinatar 61°17′58″N 04°43′11″E / 61.29944°N 4.71972°E / 61.29944; 4.71972

Areal 9 km²

Høgaste punkt Høgkletten (163 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal Ca. 150 (2023)
Folketettleik 17 /km²

Værlandet er ei øygruppe i Askvoll kommune i Vestland. Den klart største øya heiter Værøyna. I tillegg til på Værøyna har det vore busetjing på mellom anna Kalvøyna og Landøyna. Øygruppa har eit areal på 9 km² og om lag 200 innbyggjarar. I vest har ho brusamband via Melværet til Bulandet. Det går bilferje frå Værlandet til Askvoll på fastlandet. Aust for Værlandet ligg øya Alden.

Værlandet ligg på nordsida av Bufjorden og i aust ligg fjordane Aldefjorden og Vilnesfjorden.

Værlandet er truleg «utveret kalla Vitar» som er nemnt i Egilssoga. Ein overgang frå Vitar til det namnet vi kjenner i dag, er muleg gjennom uttalen «vete» for «vite» (varde), og ved at endinga -øy er lagt til ein gong mellom 1200 og 1500. (Slik etterhengt -øy er kjent frå stadnamn på Shetland og Orknøyane.) :

  • Vetar > *Vetar-ey > *Vedrøy > *Verøy

Alternativt har Vitar vore namnet på heile øygruppa, medan Vitarey har vore namnet på hovudøya. Uttalen med «æ» har uansett kome til på 1600-talet etter at folk på staden begynte å oppfatta førsteleddet som «vær», fiskevær. Forklaringa i Norske Gaardenavne støttar denne løysinga, det er ikkje Værøyna, men Bulandet som er det eigentlege fiskeværet.

Originalteksten i Egilssoga :

þá lagði Egill skipi sínu til hafs ok helt i útver þat, er Vitar heita, út frá Alda. Þat er komit af þjóðleið. Þar váru fiskimenn, ok var þar gott at spyrja tíðendi

Omsett av Leiv Hegstad 1950 :

"Egil la til havs med skipet sitt og styrde til eit utvær som heiter Vitar; det ligg ut ifrå Alde, utanfor hovudleia. Der var det fiskarfolk og godt høve til å spørja nytt".

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
47 160 2001 1581

1Med Alden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Oluf Rygh skriv :

"― Det "útver þat er Vitar heita", som nævnes i Egils. s. Kap. 57, maa være den Øgruppe, som udgjøres af GN. 60-­70 med omgivende mindre Øer og Skjær, eller en Del af samme. Fællesbetegnelsen Vitar synes ikke at kjendes længere. Navnet maa være Flt. af viti m., Varde (Indl. S. 87). Vest for GN. 61 ligger en mindre Ø Vardø (med Høiden Vardøtuen). 60. Værøen. Kaldes væ`rlande, Dat. -da. ― Weyrø NRJ. I 48 b. Veren NRJ. II 140. Were 1563. Werre 1567. Væierøe, Væreøen 1603. Verøenn 1608. 1667. Werøen 1723. -Verøy. "Er at forklare af ver n., et Vær (Fiskevær, Ægvær osv.); Øen har sit Navn af sin Beliggenhed ved det fra gammel Tid stærkt besøgte Fiskevær Bulandet" (Thj. VSS. 1882 S. 34). Den bekjendte Ø Værø langt ude i Lofoten er derimod sms. med veðr n., Veir (i Wederøyiom ">AB. 95). Ved andre Øer af dette Navn er Forklaringen usikker, da der ikke findes tilstrækkelig gamle Former. Ogsaa veðr m., Vædder, kan tænkes sms. med øy."

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.