Wärtsilä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wärtsilä
Wärtsilä logo.svg.png
Wärtsilä Rotterdam.jpg
Selskapsformosakeyhtiö Sjå dette på Wikidata
Skipa12. april 1834
DotterselskapWärtsilä (Switzerland), Wärtsilä (Netherlands), Wärtsilä (Norway) Sjå dette på Wikidata
Bransjeindustriell produksjon
HovudkontorHelsingfors Sjå dette på Wikidata
Tilsette18 000 Sjå dette på Wikidata
Hovudkontoret i Helsingfors.
Det tidlegare verftet og dieselmotorfabrikken til Wärtsilä i Åbo.

Wärtsilä er eit finsk industrikonsern som lagar komplette kraftforsyningssystem og smarte teknologiløysingar til marine- og energimarknadane. Wärtsilä-konsernet har operasjonar på over 200 lokasjonar i over 70 land, og har rundt 18 000 tilsette. I 2020 omsette konsernet, som er leia av Håkan Agnevall, for 4,6 milliardar euro.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Wärtsiläs hovudaktivitetar i Noreg er utvikling og sal av framdriftssystem, elektro- og automasjonssystem og navigasjonssystem for skip og offshoreinstallasjonar til kundar over heile verda. Verksemda omfattar òg ei rekke servicetenester til norske kundar som opererer fartøy og boreriggar heime eller i utlandet. Vidare utviklar og tilbyr Wärtsilä i Noreg ei rekke miljøløysingar, for eksempel reinseanlegg for eksosgass og miljøombyggingar, og er leiande innan ulike system for gasshandtering i både marin og landbasert industri.

Den norske delen av Wärtsilä er blant anna ein pådrivar i ZEEDS, der fleire selskap jobbar saman for å utvikla framtidas løysing for produksjon og distribusjon av utsleppsfri energi til skipsfarten. Vidare er Wärtsiläs «norske» gass- og hybridteknologiar sentrale i Eidesvik Offshores banebrytande forskingsprosjekt for å gjera «Viking Energy» til verdas første utsleppsfrie forsyningsskip, samt i Teekays serie med nye, klimavenlege bøyelastarar.

Wärtsilä har fire dotterselskap i Noreg, med til saman rundt 1000 ansatte:

Wärtsilä Norway AS har hovudaktiviteten sin i nabokommunane Stord og Bømlo, med hovudkontor i sistnemnde. Selskapets verksemd omfattar elektriske framdriftsløysingar for alle typar skip, engineering til propellanlegg, samt omfattande servicetenester til norske skips- og riggkundar.

Wärtsilä Gas Solutions Norway AS i Asker tilbyr system og løysingar innan ei rekke gass-segment, inkludert marine lastesystem for flytande naturgass (LNG) og petroleumsgass (LPG), marine gassdrivstoffsystem, gassterminalar på land og biogass-system.

Wärtsilä Moss AS utviklar og tilbyr inertgass-system som sikrar lastetankar om bord i alle typar tankskip og flytande installasjonar for olje- og gassproduksjon, samt løysingar for eksosgassreinsing til alle typar skip.

Wärtsilä Valmarine AS, med hovudsete i Drammen, er ein global leverandør av skipsautomasjon og navigasjonssystem – med fokus på cruiseskipindustrien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]