Wörgl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wörgl
by
none
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Stat Tirol
Distrikt Kufstein
Areal 19 68 km²
Folketal 13 311 (2016)
Wikimedia Commons: Wörgl

Wörgl er ein by og ein kommune i distriktet Kufstein i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 19,7 km² og 13 000 ibuarar. Byen ligg 511 meter over havet, 55 km aust om Innsbruck.

Wörgl var ein landsby inntil det vart bygt jarnbane mellom Tirol og Salzburg i 1870-åra. Då staden ligg der dalane Inndalen og Brixental møtest, vart Wörgl omgåande eit trafikknutepunkt. Det førte til ei formidabel økonomisk oppgangstid med mellom anna sement- og celluloseproduksjon.

Ordinær industriproduksjon og handel er største næringsgreinene i dag, medan ein del små og mellomstore firma som driv med teknologi og logistikk gjev viktige tilskot til den lokale økonomien.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Naudpengesetel frå 1932-33

Wörgl fanga internasjonal merksemd då kommunen i 1932/33 motarbeidde høg arbeidsløyse med ein rentefri bytteøkonomi etter idear frå Silvio Gesell om «Freiwirtschaft». Det vart innført byttelappar, såkalla Wörgler Schilling, som erstatta den offisielle schillingen som betalingsmiddel. Enkelt sagt vart heile byen gjort om til ein stor byttering. Ettersom ein ikkje kunne setje byttelappane i banken og dei tvert imot vart devaluert med 1 % kvar månad, kom det ny fart i økonomien. Medan arbeidsløysa heldt fram å auke i resten av Austerrike, vart den i Wörgl redusert frå 21 til 15 % i løpet av eitt år, og byen opplevde sterk vekst i investeringar og i byggjeverksemda. Tiltaket vekte internasjonal interesse hos leiande økonomar og politikarar, men også sinne i Austerrike sin nasjonalbank som såg sitt pengemonopol for krenka. Etter at nasjonalbanken hadde vunne ei rettssak og nasjonale styresmakter truga med å bruke militær makt, vart tiltaket avslutta etter 14 månader.

Kjende folk frå Wörgl[endre | endre wikiteksten]

Romfararen Reinhard Furrer, racerbilføraren Gerhard Berger og skihopparen Stefan Horngacher var/er alle frå Wörgl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]