Włocławek
Włocławek | |||
by | |||
|
|||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Voivodskap | Kujaviskpommerske voivodskap | ||
Del av | Związek Miast Nadwiślańskich | ||
Areal | 84,32 km² | ||
Folketal | 104 705 (31. mars 2021)[1] | ||
Grunnlagd | 900-talet | ||
• Byrettar | 1255 | ||
Postnummer | 87-800 til 87-810, 87-812, 87-814, 87-816 til 87-818, 87-822 | ||
Retningsnummer | +48 054 | ||
Bilnummer | CW | ||
Włocławek 52°39′N 19°03′E / 52.65°N 19.05°E | |||
Wikimedia Commons: Włocławek |
Włocławek (tysk Leslau) er ein by nord i Polen ved elvane Wisła og Zgłowiączka og om lag 120 000 innbyggjarar. Han ligg i Kujaviskpommerske voivodskap og var fram til 1999 hovudstad i Włocławek voivodskap.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bispedømet Włocławek (latin Vladislaviensis) i Kuyavia, nær Płock, vart først nemnd i ein pavebulle frå pave Eugene III i 1148. Den første biskopen av Włocławek var Warner, som er nemnd i bullen, etterfølgd av Onoldius frå Italia. På eit tidspunkt vart bispedømet kalla Vladislaviensis et Pomeraniae (Włocławek og Pommern). Namnet «Vladislaviensis» og tidsepoken peikar mot Władysław II den landflyktige eller bestefaren Władysław I Herman, eller Vladislav II av Böhmen, som mogelege namngjevarar. Under naziokkupasjonen under den andre verdskrigen fekk Włocławek namnet «Leslau».
Wloclawek hadde ein ganske stor jødisk folkesetnad i mange hundre år. Etter nazistane okkuperte byen vart han den første byen i Europa der jødane måtte gå med den gule jødiske davidsstjerna. Mange jødar frå byen døydde i samanstøyt med nazistane, av svolt eller sjukdom etter at dei vart flytta til gettoen i Łódź. Andre mista livet i dødsleiren Chelmno.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://bdl.stat.gov.pl/api/v1/data/localities/by-unit/040410864011-0984752?var-id=1639616&format=jsonapi; vitjingsdato: 4. oktober 2022; filformat: JSON.
- Denne artikkelen bygger på «Włocławek» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2008.