Włodzimierz Lubański

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Włodzimierz Lubański

Włodzimierz Lubański (fødd 28. februar 1947) er ein polsk tidlegare fotballspelar frå Gliwice. Angrepsspelaren spelte 75 landskampar mellom 1963 og 1980 og skåra 48 mål. I 1972 vart han olympisk meister med Polen. Gjennom 11 sesongar var han ein flittig målskårar for Górnik Zabrze i polsk og europeisk klubbfotball.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 1962 til 1975 spelte Lubański på Górnik Zabrze. Gjennom den perioden bidrog han til at klubben vann den polske toppserien 1964-67 og 1971-72. Fire sesongar i rad vart han toppskårar i den same serien. Sesongen 1969/70 var han også toppskårar i Cupvinnarcupen, ei turnering som Manchester City vann etter finalesiger 2-1 over Górnik i Wien. Sommaren 1975 fekk Lubański kontrakt med KSC Lokeren og var aktiv i den belgisk klubben fram til 1982. Han avslutta med spel i fransk 2. divisjon for fyrst Valenciennes og sidan Quimper.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Lubański fekk sin landslagsdebut den 4. september 1963 i Stettin, 16 år og 188 dagar gammal. Han fekk då spele dei siste 30 minuttane i kampen mot Noreg, og det tok berre seks minuttar før han skåra Polens tredje mål. Den siste halvtimen rakna det heilt for dei norske gjestane, sluttsiffera vart 9-0. I løpet av det neste tiåret skåra Lubański fem hat-trick for Polen. Mellom anna presterte han å skåre fem mål i ein VM-kvalifiseringskamp mot Luxembourg i 1969.

Under Sommar-OL 1972 i München var Lubański med om å vinne fotballturneringa, i finalen sigra Polen med 2-1 mot Ungarn. Den 6. juni 1973 skåra han det andre målet då Polen vann 2-0 over England i ein VM-kvalifiseringskamp i Chorzow, for så å verte alvorleg krossband-skada då han vart hardt takla av den engelske midstopparen Roy McFarland. Dermed kunne ikkje Lubański spele fotball på to år. Han kom tilbake til det polske landslaget hausten 1976, og deltok i VM 1978, men nådde aldri tilbake til tidlegare toppnivå.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Olympisk meister: 1972 for Polen
  • Polsk seriemeister: 1964, 1965, 1966, 1967, 1971, 1972 med Górnik Zabrze
  • Polsk cupmeister: 1965, 1968, 1969, 1970, 1971, 1972 med Górnik Zabrze
  • Finaletap i cupvinnarcupen: 1970 med Górnik Zabrze

Kjelder[endre | endre wikiteksten]