W.S. Holland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
W.S. Holland
Fødd22. april 1935
FødestadSaltillo
OpphavUSA
Verka sommusikar, trommeslagar

W.S. «Fluke» Holland (fødd 22. april 1935 i Saltillo i Tennessee) er ein USA-amerikansk trommeslagar som spelte med Carl Perkins. Seinare vart han trommeslagar for Johnny Cash i banda The Tennessee Three, The Great Eighties Eight og The Johnny Cash Show Band.

Holland spelte trommer på Sun Records-innspelinga av «Blue Suede Shoes» i 1955 og spelte på «Million Dollar Quartet»-innspelinga med Elvis Presley, Jerry Lee Lewis, Perkins og Cash.[1] Holland spelte med Carl Perkins i rock and roll-filmen Jamboree i 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://theseeker.ca/interview-johnny-cash-drummer-ws-holland/26745/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]