Wilhelm F.K. Christie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå W. F. K. Christie)
Wilhelm Frimann Koren Christie

Wilhelm Frimann Koren Christie, litografi etter eit måleri av Carl Peter Lehmann
Fødd7. desember 1778
Kristiansund
Død10. oktober 1849 (70 år)
Bergen
NasjonalitetNoreg
YrkeJurist og stiftamtmann i Bergen 1815–1825
Alma materKøbenhavns Universitet
Bergen Katedralskole
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
VervStortingsrepresentant 1814, 1815-1817, 1818-1820 og 1836-1838

Wilhelm Frimann Koren Christie (7. desember 177810. oktober 1849)[1] var ein norsk politikar og embetsmann som var med på Riksforsamlinga på Eidsvoll.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Christie var fødd i Kristiansund, son av ein kjøpmann. Elleve år gammal tok han til på latinskule i Bergen. Sidan (frå 1794) studerte han jus ved Universitetet i København, cand. jur. i 1799. I åra 1801-08 var han tilsett på ulike offentlege kontor i rikshovudstaden. Frå 1809 var han sorenskrivar for Nordhordland, med bustad i Bergen. I 1815 vart han utnemnd til stiftamtmann i Bergen. Grunna sviktande helse søkte han i 1822 om fritak frå teneste, tok avskjed i 1825 med full gasje. Frå 1828 var han tollinspektør for Bergen.[1]

I Bergen vart Christie medstiftar av «Quodlibet», ein selskaps- og diskusjonsklubb stifta i 1813 som samla menn med politiske og litterære interesse. Fram til mars 1814 heldt dei fleire debattmøte om sjølvstendespørsmålet og planane om ein norsk grunnlov. Christie var ein ivrig deltakar og talsmann for ein konstitusjon forma etter amerikansk, engelsk og fransk mønster.[2]

Politikaren[endre | endre wikiteksten]

Wilhelm Frimann Koren Christie som ung av Jacob Munch. Christie er måla i raud sorenskrivaruniform med høg krage med gull og kvitt kalvekryss. På brystet har han ei ordensstjerne.
Christiestøtta av Christopher Borch på Muséplassen foran Bergen Museums naturhistoriske samlingar i Bergen. Løva har komme til seinare og er ved Wilhelm Rasmussen.
Foto: Floflo

Christie møtte på Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som fyrsterepresentant for Bergen. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet og «bidrog væsentlig til at fremtvinge kongevalget 17de mai».[1] Han vart vald til sekretær under heile samlinga.

Christie vart vald som ein av Bergens fire representantar til omframstortinget hausten 1814, med eit mandat bunde til å stemme mot unionen. 11. oktober vart han vald til stortingspresident, og gjenvald kvar påfylgjande veke. Med framifrå formelle evner ytte han sitt til å skape ein sikker konstitusjonell praksis. Christie hadde hovudæra for at kongevalet den 20. oktober vart utsett. Slik vart det mogleg å få ein unionstraktat utan større grunnlovsmessige endringar.[3]

Etter kongevalet 4. november 1814 var han formann for deputasjonen som reiste til Stockholm for å overbringe grunnlova og helse kong Karl XIII som den nye kongen av Noreg. Denne oppgåva løyste han på ein måte som Stortinget verdsette ved å skjenke han ein gullpokal.[1]

Christie møtte på Stortinget både i 1815 og 1818, på det første som stortingspresident heile tida, på det andre tidvis som stortingspresident. Han virka også som odelstingspresident og som lagtingspresident. Han var medlem i bystyret i Bergen (1837-41). Christie deltok også i opprettinga av Bergens Sparebank, og var styreformann i fleire år.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Christie gifta seg aldri, men hadde to søner utanom ekteskap.[4] Desse fekk han i København med tenestejenta Karen Marie Berg i 1806 og 1808. Da mora dødde tok Christie dei heim til seg i Bergen og lyste dei i kull og kjønn.[2]

Vitskapleg virke[endre | endre wikiteksten]

Christie hadde sterke kulturhistoriske interesser. Etter han slutta som stiftamtmann fekk han høve til å konsentrere seg om hovudinteressene sine, norsk naturhistorie og nordiske oldsaker. Han skreiv ei rekke artiklar knytte til desse saksområda. Han var den sentrale aktøren då Bergens Museum vart skipa i 1825. Han var formann for museet i alle år fram til han døydde. Alle bøkene og heile den vitskaplege privatsamlinga hans vart testamenterte til museet.

Christie døydde i Bergen. Etter eige ynskje vart han gravlagd på St. Jacobs kyrkjegard. På grava er det reist ein bautastein av slipt syenitt med innskrift i runer. Ein statue av han, utført av bilethoggaren Christopher Borch, vart avduka på torget i Bergen 17. mai 1868. Statuen står i dag utanfor Bergens Museum. Også i Kristiansund er det reist eit minnesmerke.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Christie var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim og æresmedlem av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring.

I 1816 fekk han storkrossen av Nordstjerneordenen, i 1825 medaljen for borgardåd i gull 1825 og i 1847 storkrossen av St. Olavs Orden.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, 1814-1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K, digital utgåve side 171-173
  2. 2,0 2,1 Erling Gjelsvik: «Quodlibet - selvstendighetens herreklubb», Grunnlovsmagasinet 2014, side 35-37
  3. Wilhelm Frimann Koren Christie Arkivert 2014-03-09 ved Wayback Machine. - Artikkel frå stortinget.no
  4. 4,0 4,1 Wilhelm F.K. Christie i Norsk biografisk leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]