WASG

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
WASG

LandTyskland
Grunnlagt22. januar 2005
Nedlagt16. juni 2007
Etterfølgd avDie Linke[1]
HovudkvarterFürth
Medlemstal8 944 (31. desember 2006)[2]
IdeologiSosialdemokrati, demokratisk sosialisme, økonomisk demokrati Sjå dette på Wikidata
Fargeraudt

Arbeit und Soziale Gerechtigkeit – Die Wahlalternative (WASG) er eit tysk politisk parti til venstre for SPD, men som au avgrensar seg frå det ytste venstre. Namnet betyr Valalternativet for Arbeid og Sosial Rettferd.

Politikken til partiet er blant anna å gjeninnføre ein meir progressiv skattepolitikk, som skattlegg dei rike hardare. Særleg vil WASG omgjere skattelettene på kapitalinntekter dei siste åra.

WASG ser seg som ein brei politisk plattform, med medlemmer frå ulike stader, både tidlegare medlemmer av andre venstreparti og partilause venstreorienterte frå til dømes fagrørsla og Attac. WASG sprang i stor grad ut frå folk i fagrørsla som reagerte på det dei meinte var ein nyliberal regjeringspolitikk.

I media vart denne partiskipinga lagd merke til, fordi danninga av eit nytt venstreparti kunne føre til ei ny kløyving av SPD. Slik kløyvingar hadde skjedd fleire gonger i soga til det tyske sosialdemokratiet. Døme er skipinga av Det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland (USPD) under Første verdskrigen, Sosialistisk Arbeidarparti (SAP) der Willy Brandt var medlem først på 1930-talet og Demokratiske Sosialistar i byrjinga av 1980-åra. Av desse var USPD klart mest vellykka, og var i 1920 om lag jamstor med SPD i oppslutning blant veljarane.

Den offisielle partietableringa av WASG skjedde 22. januar 2005, og det offisielle namnet vart Arbeit und Soziale Gerechtigkeit – Die Wahlalternative, nedkorta til WASG. Det har vore konfliktar om orienteringa av partiet, mellom «trotskistiske» krefter og meir sosialdemokratiske krefter, men striden verkar å vere lagd til ro med eit kompromiss.

WASG stilte til delstatsval i vesttyske Nordrhein-Westphalen 22. mai 2005, og vart der femte sterkaste parti, med 182 000 stemmer og 2,2 prosent. Framfor det all-tyske parlamentsvalet i 2005 har vellykka samtalar om felleslister med det i hovudsak austtyske PDS funne stad. Tidlegare SPD-leiar Oskar Lafontaine har erklært seg viljug til å stå i brodden. Det blir ikkje sett som lurt at begge dei to venstrepartia skulle stille kvar for seg på grunn av femprosentsperra i høve til parlamentsrepresentasjon i Tyskland. Namnet på felleslistene var eit problem, men løysinga vart at namnet PDS berre er med i listenamnet der PDS står sterkt, det vil seie i dei nye austlege delstatane. At WASG skulle gå saman med PDS ved valet, som Die Linkspartei med PDS eventuelt tilføyd i nokre delstatar, vart avgjort i juli 2005.

Leiaren i SPD, Franz Müntefering, har sagt at han ser ei venstresamanslutning av WASG og PDS som «ei heilt klar utfordring» for SPD.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fusion zur „Linken“ perfekt» (på engelsk). 19. mai 2007. Arkivert frå originalen 13. desember 2018. Henta 26. november 2018. 
  2. https://dserver.bundestag.de/btd/16/084/1608400.pdf; side(r): 250.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]