WRUL

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Senderanlegg for kortbølje

WNYW (Radio New York Worldwide) var ein amerikansk kortbølgjekringkastar som sende frå Scituate i Massachusetts.[1] Under den andre verdskrigen var kallesignalet WRUL. Utover 1960-talet var stordomstida over. 20. oktober 1973 skaffa Family Stations, Inc. seg stasjonen for å gjere han til ein del av radiostasjonsnettverket til selskapet og endra namnet til WYFR. Family Stations flytta etter kvart sendaren til Okeechobee i Florida der han framleis ligg i dag. Sendaren i Scituate heldt fram å senda fram til 16. november 1979 då han vart stengd ned.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skiping[endre | endre wikiteksten]

Den 15. oktober 1927 vart Walter Lemmon (1896-1971), ein radioingeniør som hadde arbeidd for IBM, gjeven den første radiolisensen for kortbølgjer i USA. Han byrja å eksperimentera med kortbølgjestasjonen W1XAL i Boston i Massachusetts. I 1935 byrja stasjonen å senda ikkje-kommersiell, pedagogiske og kulturelle program. Støtta av velgjerande organisasjonar, blant anna Rockefeller-stiftelsen, vart den drive utan profittomsyn.[2][3] Walter Lemmon ynskte å nå breiast mogleg ut; han selde sendetid til religiøse misjonærgrupper, og hadde sendingar på åtte språk. Han tilbaud til og med såpass trivielle program som om frimerkesamling på norsk.[2]

WRUL i propagandakrigen[endre | endre wikiteksten]

Fire dagar etter at Storbritannia og Frankrike erklærte krig mot Nazi-Tyskland den 7. september 1939 utpeikte den føderale kommisjonen for kommunikasjon (Federal Communications Commission, FCC) kallesignalbokstavane WRUL for stasjonen. Dei stod for World Radio University Listeners. Sidan radiostasjonen hadde ein stor, verdsomspennande lyttarskare, som jamleg brevveksla med stasjonen, og hadde eit kraftig sendeapparat, vart stasjonen vurdert av British Security Co-ordination (BSC), ein dekkorganisasjon for Storbritannias løynlege tenester etablert i New York City, som eit verktøy for å utføra politisk krigføring på vegne av britane. Til trass for at stasjonen sende på mange språk, var det store fleirtalet av sendinga på engelsk slik BSC sørgt via tredjepart å skaffa finansering, omsetjarar, og utenlandskspråklige programleiarar for å framstella radioprogram av høg kvalitet i fleire språk. BSC sørgde òg for material som kunne sendast, og ved 1941 hadde WRUL utan å vita det vorte eit underbruk av BSC, men utanfrå var han sett på som sjølvstendig.[4][5]

Frå 1939 til 1942 sende WRUL radio til Europa og Sør-Amerika på åtte språk, men òg i USA over eit uformelt nettverk på over 300 radiostasjonar, inkludert WNYC i New York City. Som følgje av etableringa av dea som vart OSS,[6] vart amerikansk propaganda gjeve til stasjonen, men det var ikkje før USA vart med i den andre verdskrigen at BSC overgav kontroll til amerikanarane. Som alle amerikanske kortbølgjestasjonar, leide den amerikanske regjeringa i november 1942 WRUL for ytterlegare krigspropaganda. WRUL fekk løyve til å gjenoppta delvis uavhengig radiosendingar i 1947, og fullt sjølvstende først i 1954.

Frå Sicutate

Norsk involvering[endre | endre wikiteksten]

Etter at felttoget i Noreg var over kom norsk radio under kontroll av Quisling si regjering og nazistane, som beordra alle norske handelsskip til umiddelbart å gå til tyske, italienske eller japanske hamner. Den norske ambassadøren i Washington, Wilhelm von Munthe af Morgenstierne, var informert med dette.[2] Han overtalte Lemmon til å la han senda på WRUL på vegner av den frie norske regjeringa i London og tilbakekalle ordren frå dei nazistiske styresmaktene i Noreg. Ingen norske skip segla til hamnene til aksemaktene,[2] men søkte i staden til alliert hamn.

Nygaardsvold-regjeringa ynskte å styrkja dei norske sendingane frå det nøytrale USA og sende dåverande teknikar i NRK, Gunnar Nygård til USA. I Boston fekk NRK i september 1940 tilgjenge til å senda norske sendingar over WRUL med ein dagleg halvtime berekna på sjøfolka i den norske handelsflåten som var over heile kloden. Nygård leidde sendingane saman med Finn Lied og Karl K. Larsen under heile krigen og vart kjent som «Stemmen frå Boston». Studioet til stasjonen låg i Boston og dei kraftige kortbølgjesendarane som kunne høyrast i Atlanterhavet, Indiahavet og store delar av Stillehavet. Delar av dei norske sendingane vart òg laga til av informasjonskontoret til regjeringa i New York, der blant anna òg Sigrid Undset og Hans Olav arbeidet.[7]

Sendingane var populære blant krigssiglarane. Sjøfolk som var innom Boston fekk høve til å senda helsingar til sina kameratar på andre båtar einkvan stad på kloden, og han er nemnd i fleire bøker om handelsflåten og konvoiseilasen, blant anna i Lise Lindbæks Tusen norske skip. Her vert at fortalt sjøfolk som hadde rømt frå den internerte båten, MS «Lidvard»[8] kunne helsa og fortelja kameratane sine som framleis var innesperra i Dakar om vellukka flukt. Han er òg nemnd fleire gonger i Jon Michelet sitt epos om krigssiglarane, En sjøens helt (2012).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hva er kortbølge?
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 O’keefe, Jim (8. august 2010): «Scituate's radio station helped save the world», Patriot Ledger
  3. Buxton, William J. (2009): Rockefeller Family Support for W1XAL/WRUL, «Boston’s Vest-pocket BBC» (PDF), Rockarch.org
  4. Stephenson, William Samuel (1999): British Security Coordination: The Secret History of British Intelligence in the Americas, 1940-1945, Fromm Intl, s. 60-62
  5. Boyd, William (19. august 2006): «The secret persuaders», The Guardian
  6. «What Was OSS?» Arkivert 2016-09-27 ved Wayback Machine., CIA
  7. Jacobsen, Alf R. (2015): På havets bunn. Sjøkrig og skattejakt, Vega forlag, s. 48
  8. «M/S Lidvard», Warsailors.com