WT Os internasjonale filmfestival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

WT Os internasjonale filmfestival er ein internasjonal filmfestival i Os i Hordaland, som vert halden årleg i tidleg november. Festivalen er også kjend som WT-festivalen. Festivalen vart skipa i 1999, og har vorte arrangert kvart år sidan.

Filmfestivalen på Os har rykte på seg for å vera den «mest sjarmerande filmfestivalen i Noreg»[1], og vart døypt «Glamdance»[2] for å ha høg glamourfaktor i kontrast til dei landlege og spartanske omgjevnader på Os.

Festivalen har i overkant av 3500 vitjingar kvart år, og i 2010 vart det synt 72 filmar frå 22 ulike land. Festivalen er ein av dei fremste independent-festivalane i Noreg, og syner bidrag frå amatørar så vel som profesjonelle aktørar frå heile verda.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. sitat Tor Fosse, direktør for Bergen internasjonale filmfestival, under gallashowet til WT-festivalen i 2006.
  2. Kalle Løchen, Film&Kino

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]