Wabar-kratera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wabar-kratera
krater
Land  Saudi-Arabia
Koordinatar 21°30′N 50°28′E / 21.500°N 50.467°E / 21.500; 50.467
Kart
Wabar-kratera
21°30′19″N 50°28′27″E / 21.505277777778°N 50.474166666667°E / 21.505277777778; 50.474166666667
Wikimedia Commons: Wabar craters
Ein meteoroitt frå Wabar.

Wabar-kratera er nokre nedslagskrater i Saudi-Arabia, som den britisk-arabiske oppdagaren, forfattaren og etterretningsoffiseren Jack Philby vart gjort merksam på då han leitte etter den legendariske byen Ubar i Arabia i 1932.[1]

Kratera ligg i ørkenen Rub' al Khali, som er eit av dei mest aude områda på jorda. Philby leita etter byen Ubar, som i følgje Koranen vart øydelagd av Gud for å ha trassa profeten Hud. Philby fekk nyss i beduinske segner om eit område kalla Al Hadida («jernstaden» på arabisk) med ruinar av gamle busetnader og eit område med eit stykke jern på storleik med ein kamel. Han organiserte derfor ei reise dit. Turen gjennom ørkenen var særs hard og tok ein månad, og sjølv nokre av kamelane døydde. Dei nådde den 2. februar 1932 fram til eit område som var dekt med kvit sandstein, svart glas og bitar av ein jernmeteoritt. Philby identifiserte to store, sirkelforma søkk som var delvis fylte av sand. Philby trudde området var ein vulkan, men då han tok med prøvar attende til Storbritannia, vart området identifisert som eit krater.[2][3][4]

Nyare målingar frå området indikerer at nedslaget skjedde for mindre enn 250 år sidan.[5] Dette er konsistent med arabiske rapportar om ei eldkule som passerte over Riyadh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wabar». Earth Impact Database. University of New Brunswick. Henta 8. mars 2016. 
  2. Philby (1933), pp 1-26
  3. L. J. Spencer (September 1933). «Meteoric Iron and Silica-Glass from the Meteorite Craters of Henbury (Central Australia) and Wabar (Arabia)» (PDF). Mineralogical Magazine 23 (142): 387–404. doi:10.1180/minmag.1933.023.142.01. 
  4. W. Campbell Smith (December 1950). «L. J. Spencer's work at the British Museum» (PDF). Mineralogical Magazine 29 (211): 269. ISSN 0026-461X. doi:10.1180/minmag.1950.029.211.02. 
  5. Prescott, J.R.; Robertson, G.B.; Shoemaker, C.; Shoemaker, E.M.; Wynn, J. (2004). «Luminescence dating of the Wabar meteorite craters, Saudi-Arabia». Journal of Geophysical Research 109: E01008. Bibcode:2004JGRE..109.1008P. doi:10.1029/2003JE002136. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]