Waco
Utsjånad
Waco | |||
by | |||
Historiske Praetorian Building frå 1915.
| |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Texas | ||
Areal | 262,411283 km² | ||
Folketal | 138 486 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Waco 31°32′57″N 97°08′50″W / 31.549166666667°N 97.147222222222°W | |||
Wikimedia Commons: Waco, Texas |
Waco er ein by i delstaten Texas i USA med 145 000 ibuarar. Byen er fylkessete for McLennan County. Waco ligg midtvegs mellom Dallas i nord og Austin i sør, drygt 150 kilometer frå begge byane.
Waco by vart grunnlagd i 1849. Lenge var byen eit senter i kvegavlen.
Byen vart i 1953 råka av ein tornado som tok livet av 114 menneske.
Waco er også kjent for fleire valdelege hendingar. Ein neger vart lynsja i 1916, og gjennom mellomkrigsåra var staden eit senter for Ku-Klux-Klan-rørsla. Våren 1993 omkom 76 medlemer av ei sekt i ein brann, etter å ha vore i konflikt med styresmaktene i Waco.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Waco, Texas» frå Wikipedia på engelsk, den 21. april 2025.