Waddy Wachtel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Waddy Wachtel
JohnCowsillsJacksonBrownWaddyWachtel.jpg
Wachtel, i midten med Jackson Browne (venstre) og John Cowsill (høgre), februar 2009
Fødd24. mai 1947 (73 år)
FødestadNew York by
FødenamnRobert Wachtel
OpphavUSA
Aktiv1970 til i dag
SjangerRock, folkrock, pop, jazz
Instrumentgitar, piano, vokal
Kjende instrument1958 Gibson Les Paul, 1956 Fender Stratocaster
Tilknytte artistarStevie Nicks, The Cowsills, Jackson Browne, Bernard Fowler, Blondie Chaplin, Keith Richards, Warren Zevon, James Taylor, George Thorogood, Bob Weir, J.D. Souther, Linda Ronstadt
PlateselskapArista, Elektra, CBS, WEA, Columbia, EMI, Virgin, Asylum, Warner Bros., Giant
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, bandleiar

Robert «Waddy» Wachtel (fødd 24. mai 1947) er ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar og plateprodusent, mest kjend som gitarist. Lidenskapen til Wachtel for musikk og måten han lett tilpassar seg forskjellige musikkstilar har gjort han til ein særs etterspurt studiomusikar gjennom karrieren sin, og han har spelt med mange rockemusikarar som Linda Ronstadt, Stevie Nicks, Keith Richards, James Taylor, Iggy Pop, Warren Zevon, Bryan Ferry, Michael Sweet og Jackson Browne, blant andre, både i studio og på turné.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Wachtel vart fødd Robert Wachtel og voks opp i Jackson Heights i Queens i New York City. Det uvanlege kallenamnet hans fekk han i tidleg alder. Han braut gjennom i musikkindustrien tidleg i 1970-åra, då Warren Zevon, musikalsk leiar for the Everly Brothers, hyrte han som gitarist i bandet til duoen. Han spelte gitar med Everly Brothers i 1972 på albumet Stories We Could Tell. Det neste albumet han deltok på kom tre år seinare med Kenny Rankin sitt Inside. I 1976 kom det store gjennombrotet hans, då han spelte på fire hitalbum: Maria Muldaur sitt Sweet Harmony, John David Souther sitt Black Rose, James Taylor sitt In the Pocket og Zevon sitt Warren Zevon. I 1977 spelte han på Linda Ronstadt sin Simple Dreams og Randy Newman sitt Little Criminals. I 1978 spelte han gitar på nok eit hit album av Ronstadt, Living in the USA, i tillegg til soloprosjektet til Grateful Dead-medlemmet Bob Weir, Heaven Help the Fool, og han produserte Bryan Ferry sitt The Bride Stripped Bare. I tillegg spelte han på Zevons sitt Excitable Boy, som han òg var medprodusent på, og han var medlåtskrivar på hitten «Werewolves of London». Han heldt fram å spele med kremen av artistar frå Sør-California og andre musikarar i 1979, mellom anna på Taylor sitt Flag, Newman sitt Born Again, Souther sitt You're Only Lonely, og Bonnie Raitt sitt The Glow.

I 1980 tok Wachtel eit steg vidare og danna gruppa Ronin med Dan Dugmore, Rick Marotta, Don Grolnick og Stanley Sheldon, og han skreiv songar og spelte gitar på debutalbumet til bandet, som kom ut på Mercury Records. ALbumet selde dårleg, medan Wachtel heldt fram å spele for andre artistar. Det året spelte han på Zevon sitt Bad Luck Streak in Dancing School og Ronstadt sitt Mad Love. I 1981 var han medlåtskrivar på «Her Town Too» med Taylor og Souther for Taylor-albumet Dad Loves His Work. Singelen nådde topp 10 i USA. Same året spelte Wachtel på hitalbumet til Kim Carnes, Mistaken Identity og starta eit langvarig musikalsk forhold med Stevie Nicks, då han spelte på det første soloalbumet hennar, Bella Donna, som òg nådde toppen av albumlista i USA. Han vart òg med i turnébandet hennar. I 1982 spelte han på album som Karla Bonoff sitt Wild Heart of the Young, the Motels sitt All Four One, det første soloalbumet til Don Henley, I Can't Stand Still, og Ronstadt sitt Get Closer. Arbeidet hans med Nicks i midten av 1980-åra tok mykje av tida si, men i tillegg til å spele for henne, spelte han på somme andre album òg, som Joe Walsh sitt You Bought It - You Name It og the Motels sitt Little Robbers i 1983, Steve Perry sitt Street Talk og Henley sitt Building the Perfect Beast i 1984, Walsh sitt The Confessor og Rosanne Cash sitt Rhythm & Romance i 1985, Jackson Browne sitt Lives in the Balance og Graham Nash sitt Innocent Eyes i 1986, og Zevon sitt Sentimental Hygiene, Cher sitt comeback-album og Dolly Parton sitt Rainbow i 1987.

Då Nicks byrja å turnere med Fleetwood Mac igjen, vart Wachtel igjen meir aktiv som studiomusikar i 1988. Han produserte the Church sitt hitalbum, Starfish og utvikla eit nytt samarbeid då han spelte på det første soloalbumet til Keith Richards, Talk Is Cheap. Han var òg med Richards på scenen. I 1989 spelte han gitar på album av fleire kjende namn, som Nicks med The Other Side of the Mirror, Henley med The End of the Innocence, Cher med Heart of Stone go Zevon med Transverse City. I 1990 spelte han for fleire nye artistar. I tillegg til at han produsert the Church sitt Gold Afternoon Fix, spelte han på Iggy Pop sitt Brick by Brick, Bob Dylan sitt Under the Red Sky og Hall and Oates sitt Change of Season. I 1991 spelte han med Walsh (Ordinary Average Guy) og Zevon (Mr. Bad Example) i tillegg til Bob Seger (The Fire Inside) og Rod Stewart (Vagabond Heart).

Utover i 1990-åra spelte Wachtel stadig i studio og nokre av artistane han spelte for var Tracy Chapman (Matters of the Heart), Richards (Main Offender), Ringo Starr (Time Takes Time) og Tom Waits (Bone Machine) i 1993, Browne (I'm Alive), Melissa Etheridge (Yes I Am), Bruce Hornsby (Harbor Lights) og Nicks (Street Angel) i 1995, Aaron Neville (Tattooed Heart) Newman (Faust), John Prine (Lost Dogs and Mixed Blessings) og Brian Wilson (I Just Wasn't Made for These Times) og i 1996 Browne (Looking East) og Neil Diamond (In My Lifetime). I 1996 spelte han og for komikaren Adam SandlerWhat the Hell Happened to Me?, der han var arrangør og musikalsk leiar. Han turnerte òg med Sandler og byrja å arbeide i filmane til Sandler, mellom anna The Waterboy (1998), der han var medlåtskrivar på songen «New Year's Eve» Med Joe Walsh.

Wachtel nådde eit slags høgdpunkt i karrieren i 1997 då han spelte på the Rolling Stones-albumet Bridges to Babylon, same året som han spelte på Sandler sitt What's Your Name, George Thorogood sitt Rockin' My Life Away, the Bee Gees sitt Still Waters og eit album av the Wilsons. I 1998 spelte han med Johnny Rivers (Last Train to Memphis) og Ronstadt (We Ran, der han skreiv songen «I Go to Pieces»). I 1999 spelte han på det posthume albumet til Michael Hutchence og med nyare artistar som Janice Robinson på debutalbumet hennar, The Color Within Me. Han gav òg ut eigne songar på mp3.com.

Diskografi (delvis)[endre | endre wikiteksten]

Med Karla Bonoff[endre | endre wikiteksten]

År Album Selskap
1977 Karla Bonoff Columbia Records
1979 Restless Nights Columbia Records
1982 Wild Heart of the Young Columbia Records

med Stevie Nicks[endre | endre wikiteksten]

År Album Selskap
1981 Bella Donna Modern Records
1983 The Wild Heart Modern Records
1985 Rock a Little Modern Records
1991 Timespace - The Best of Stevie Nicks Modern Records
1998 Enchanted Atlantic Records
2001 Trouble in Shangri-La Reprise Records
2007 Crystal Visions - The Very Best of Stevie Nicks Reprise Records
2009 The Soundstage Sessions Reprise Records
2011 In Your Dreams Reprise Records
2014 "24 Karat Gold: Songs from the Vault» Reprise Records

med Keith Richards and the X-Pensive Winos[endre | endre wikiteksten]

År Album Selskap
1988 Talk is Cheap Virgin Records
1991 Live at the Hollywood Palladium Virgin Records(Dec 15, 1988)
1992 Main Offender Virgin Records
2010 Vintage Vinos Mindless Records

med Linda Ronstadt[endre | endre wikiteksten]

År Album Selskap
1976 Hasten Down the Wind Asylum Records
1977 Simple Dreams Asylum Records
1978 Living in the USA Asylum Records
1980 Mad Love Asylum Records
1982 Get Closer Asylum Records
1998 We Ran Elektra Records

med James Taylor[endre | endre wikiteksten]

År Album Selskap
1976 In the Pocket Warner Bros. Records
1979 Flag Columbia Records
1981 Dad Loves His Work Columbia Records

med Warren Zevon[endre | endre wikiteksten]

År Album Selskap
1976 Warren Zevon Asylum Records
1978 Excitable Boy Asylum Records
1980 Bad Luck Streak in Dancing School Asylum Records
1982 The Envoy Asylum Records
1991 Mr. Bad Example Giant Records

Filmar (delvis)[endre | endre wikiteksten]

År Namn Regissør Studio Merknad
1978 Up in Smoke Lou Adler Paramount Pictures med Danny Kortchmar og Lee Oskar
2001 Joe Dirt Dennie Gordon Columbia Pictures
Happy Madison
N/A
2003 Dickie Roberts: Former Child Star Sam Weisman Paramount Pictures
Happy Madison
med Christophe Beck
2006 Grandma's Boy Nicholaus Goossen 20th Century Fox
Happy Madison
N/A
The Benchwarmers Dennis Dugan Columbia Pictures
Happy Madison
N/A
The Last Request John DeBellis MTI Home Video N/A
2008 Strange Wilderness Fred Wolf Paramount Pictures
Happy Madison
N/A
The House Bunny Fred Wolf Columbia Pictures
Happy Madison
N/A
2009 Paul Blart: Mall Cop Steve Carr Columbia Pictures
Happy Madison
N/A
2011 Bucky Larson: Born to Be a Star Tom Brady Columbia Pictures
Happy Madison
N/A
Jack and Jill Dennis Dugan Columbia Pictures
Happy Madison
med Rupert Gregson-Williams

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gans,, David (7. mars 1980). «Waddy Wachtel: Confessions of a «Mafia» gitarist». Bam Magazine (Bam, The California Music Magazine) 5 (74): 40. Henta 25. juli 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]