Wadi


Wadi (arabisk وادي, wādī) er eit arabisk omgrep som tradisjonelt syner til ein dal. I somme tilfelle syner det til eit tørt elveleie der det berre etter kraftig regn renn ei elv, eller rett og slett ei elv som periodevis er tørrlagd.
Wadiar ligg i slake skråningar eller nesten flate delar av ørkenar. Dei byrjar typisk i dei lågaste delane av sedimentvifter og strekk seg til innlands-sabkhaer eller tørrlagde sjøar.
Det finst ofte busetnader ved wadiar ettersom dei kan gje tilgang til underjordisk vatn. Nomadiske og gjetande ørkenfolk kan dra nytte av plantar som sesongmessig veks i wadiar, til og med i område som er så tørre som Sahara.
Ordsoget
[endre | endre wikiteksten]Ordet wādī er svært vanleg i arabiske stadnamn,[1] som Wadi Ara, Wadi Musa og Wadi Rum. I nokre spanske stadnamn frå andalusisk arabisk har wādī blitt nytta om ei vanleg elv, til dømes Guadalcanal frå wādī al-Qanal, ‘elva til forfriskingsbuene’, Guadalajara frå wādī al-hidjārah, ‘elva med steinar’,[2] eller Guadalquivir frå al-wādī al-kabīr, ‘den store elva’. Sesongmessige elvar, som er hyppige i søraustlege Spania, blir i staden kalla for ramblas.[3]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Haid al-Jazil i Wadi Dawan i Jemen.
- Wadi Bani Khalid i Sharqiyah-regionen i Oman.
- Ein reisande på 1800-talet si skildring av ein karavane i ein wadi (Rudolf Hellgrew).
- Oued Tissint i Marokko.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wadi» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2014.
- ↑ «wadi», Merriam-Webster
- ↑ Ayuntamiento de Guadalajara Arkivert 1. juli 2012 på Wayback Machine. (PDF), Guadalajara tourist guide, s. 5.
- ↑ «rambla», Merriam-Webster