Wadi Al-abyad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wadi Al-abyad
وادي الأبيض
wadi
Land  Irak
Guvernement Al Anbar guvernement, Karbala guvernement
Koordinatar 33°58′52″N 42°33′23″E / 33.98111°N 42.55639°E / 33.98111; 42.55639
Lengd 250 km
Kart
Wadi Al-abyad
33°58′52″N 42°33′23″E / 33.981111111111°N 42.556388888889°E / 33.981111111111; 42.556388888889

Wadi Al-abyad eller Wadi al Ubayyid (arabisk وادي الأبيض) er den nest lengste wadien i Irak etter Wadi Hauran og ligg vest i Irak i Al Anbar guvernement og Karbala guvernement. Dalen strekkjer seg kring 250 km frå grensa til Saudi-Arabia (nær Arar) i Al Anbar guvernement til innsjøen Milh vest i Karbala guvernement. Han er kring 1 km brei og 40-50 meter djup.

Wadi Al-abyad vert stundom òg nytta om eit større område som omfattar sjølve Wadi Al-abyad sidedalane og området rundt. Wadi Al-abyad er ein tørr stad trass i oasen Ghadir Abu Muraji ligg sentralt i dalen i Al Anbar guvernement i tillegg til somme stader som har vatn i regntida. Somme år er det nok vatn til at det renn ei elv i Wadi Al-abyad og ut i Milh.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Det tørre klimaet har innverknad på dyre- og planteliv i wadien. Det veks ingen planter her utanom ørkenvegetasjon. Somme dyr har tilpassa seg eit liv i ørkenen. Av pattedyra som bur i Wadi Al-abyad er hare, rüppells rev, gråulv, persiagaselle, i tillegg til mange fugleartar, både fastverande og trekkfuglar som trappar, sandhøns og klippedue.

Al-Abyad-dammen[endre | endre wikiteksten]

Wadi Al-Abyad-dammen vart bygd i 2002 på det lågaste punktet i Wadi Al-Abyad nær grensa til Saudi-Arabia for å samle regnvatn om vinteren og våren for den lange sommaren. Vatnet er blitt nytta av beduinar og kveget deira. Dammen har ein kapasitet på 25-50 millionar kubikkmeter. Dammen er 8 km lang, 2 km brei og 18 meter høg.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]