Wadi Ar'ar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wadi Arar
elv
Meeting about Hajj DVIDS142927.jpg
Ararområdet i Irak.
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia, Flag of Iraq.svg Irak

Wadi Arar, òg kalla Wadi `Ar`ar og Wādī `Ar`ar er ein wadi sentralt i Den nordlege grenseregionen i Saudi-Arabia. Wadi Arar spring ut kring 125 km frå Arar flyt frå sørvest til nordaust, forbi Arar by og flyt saman med mange wadiar og sha’ibar, før ho kryssar grensa til Irak. Wadien ligg mellom 31°00’nord og 30°45’N og 40°30’aust og 41°05’ A.[1]

Wadien er ein av wadiane til ʿAnizah-stamma, som munnar ut i Eufratdalen i Irak, og er i lag med Wadi Al-Khurr ein av dei større av desse wadiane.[2][3] Han ligg 568 meter over havet. Regionen han renn gjennom er prega av steinete lag av kalkstein og sandstein med dolomitt og siltintrusjonar frå krittida. Det finst òg mange, små wadiar og sha’ibar i området.[4] Wadi Arar er ein av dei største i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alnos Hegazy and Mohammed Alghamd, Properties of Soil Sediment in Wadi Arar, Kingdom of Saudi-Arabia 2014 International Conference on Geological and Civil Engineering IPCBEE vol.62.
  2. Wadi Arar at Encylopedea Britanica.
  3. Wādī `Ar`ar / Mintaqat Mekka at getampa.net.
  4. Alnos Hegazy and Mohammed Alghamd, Properties of Soil Sediment in Wadi Arar, Kingdom of Saudi Arabia 2014 International Conference on Geological and Civil Engineering IPCBEE vol.62.