Wadi al-Rummah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°48′N 42°52′E
Wadi al-Rummah
وادي الرمة
dal
Rumah Valley 13 November 2008.jpg
Rumahdalen i november 2008
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Koordinatar 25°48′N 42°52′E
Lengd 600 km
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Wadi al-Rummah

Wadi Al-Rummah eller ar-Rummah (وادي الرمة) er ein av dei lengste elvedalane på Den arabiske halvøya med ei lengd på nesten 600 km. Han er stort sett tørr og delvis blokkert av inntrengande sanddyner og byrjar nær Medina ved fjellet Al-Abyad (Det kvite fjellet). Han går mot nrodaust og har fleire mindre sidedalar som òg er wadiar, som Mohallani Wadi og Murghala Wadi i nord og Jifn Wadi og Jarir Wadi i sør. Han endar ved Thuayrat-dynene i ad-Dahna-ørkenen i Al-Qassim-provinsen.

Wadien fell så under sanddynene, der han vert kalla Mistewy Wadi. Han dukkar opp att på andre sida av ørkenen som Wadi Al-Batin (etter kring 425 km), før han held fram nordaustover og dannar vestgrensa av Kuwait. Han munnar omsider ut i Persiabukta.[1][2]

Dalen er vid og var ein gong ein stor elvedal. I følgje dr. Abdullah Al-Musnad frå Universitetet i Qassim,[treng kjelde] rann det for 10 000 år sidan ei elv frå Medina til Persiabukta, med ei samla lengd på 1200 km. Periodar med tørke og flytting av sand ved Althwairat og Dahna førte til at løpet til dalen vart avskoren i tre delar: Wadi Al-Rummah (den lengste på 600 km), Wadi Aloddi (45 km) og Wadi Al-Batin (450 km). Geologiske studiar syner at Wadi Al-Rummah flyt med full kapasitet kring tre gonger kvart hundreår. Dei siste gongane det flaut vatn i dalen var i 1945, 1982, 1987, 2004 og 2008. I 1818 var det vatn i elvedalen i 40 dagar, i 1838 i 22 dagar, i 1987 og 2008 i 17 dagar. I 1838 flaumde dalen over og skapte ein 520 km² stor innsjø som varte i to år og som trekte til seg vassfugl som sjeldan var å sjå i dalen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I.E.S. Edwards, C.J.Gadd, and N.G.L. Hammond, «Prolegomena and prehistory», The Cambridge Ancient History, Volume I, Part I, Cambridge University Press, 1970, s. 62.
  2. Helen Chapin Metz, red. (1992). «Topography and Natural Regions». Saudi Arabia: A Country Study. U.S. Library of Congress. Henta 23. desember 2015. 
  3. alriyadh.com – Wadi Al-Rummah Flooding, November 2008. Google translation

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]