Wagnerhammar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wagnerhammar er ei innretning som automatisk og periodisk bryt og sluttar ein elektrisk straumkrins. Straumkrinsen inneheld ein spole med jernkjerne (elektromagnet) som ved straumgjennomgang tiltrekkjer eit jernstykke (anker) festet til ei metallfjør. Forflyttinga til ankeret opnar ein kontakt så straumen bryt, tiltrekkinga opphøyrer og fjøra fører ankeret tilbake så kontakten igjen sluttast osv. Dette vert brukt i vanlege elektriske ringeapparat, induksjonsapparat og meir. Det vart oppfunnen i 1837 av tyskaren J.P. Wagner (1799–1879).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]