Wahiba-sanden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 22° N 58° E
Sharqiya-sanden
Wahiba-sanden
ørken
none  Satellittbilete frå NASA
Satellittbilete frå NASA
Land Flag of Oman.svg Oman
Koordinatar 22° N 58° E
Lengd 180 km
Areal 12 500 km²
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Wahiba Sands

Sharqiya-sanden[1] (tidlegare kjend som Wahiba-sanden eller Ramlat al-Wahiba) er eit ørkenområde i Oman.[2][3] Regionen var kalla opp etter Bani Wahiba-stamma.[4] Ørkenen dekkjer eit område på 180 km frå nord til sør og 80 km frå aust til vest,[5] med i yte på 12 500 km².[6] Ørkenen har hatt vitskapleg interesse sidan ein ekspedisjon dit i 1986 av Royal Geographical Society som dokumenterte eit variert terreng og plante- og dyreliv, med 16 000 virvellause dyr og 200 andre artar dyreliv, inkludert fugl.[5] Dei dokumenterte òg 150 endemiske planteartar.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Ørkenen vart danna under kvartær-tida av den sørvestlege monsunvinden og den austlege shamalvinden.[7] Etter kva typar sanddyner ein finn i området, er han delt inn i øvre Wahiba og nedre Wahiba.[6][8] Det øvre området har enorme sanddyner i linjer frå nord til sør, som ein trur er danna av monsunvinden.[6] Dynene i nord vart danna ei stund etter den siste regionale istida og kan vere opp til 100 meter høge.[9]. I nord og vest grensa ørkenen til elvedalane Wadi Batha og Wadi Andam.[10] Under overflatesanden finn ein eldre lag med sementert karbonatsand.[9] Ein trur elveavleiringa kan ha kome frå Wadi Batha i yngre steinalder og no ligg under 200 meter med sand.[11] Ein trur vinderosjon har medverka til nesten flate sletter i sørvest.[12]

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Området er busett av beduinar som samla seg ved Al Huyawah, ein oase nær grensa til ørkenen, mellom juni og september for å samle dadlar.[5] Av stammer i området finn ein hovudsakleg al-Wahiba (eller Yal Wahiba) som regionen er kalla opp etter, al-Amr, al-Bu-Isa, Hikman, Hishm og Janaba.[13]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mal:Citation error». 
  2. «The Wahiba-sanden». Rough Guides. http://www.roughguides.com/destinations/middle-east/oman/sharqiya/south-muscat-inland-route/wahiba-sands/. Henta 2014-08-16. 
  3. «Sharqiya (Wahiba) Sands, Oman - Travel Guide, Info & Bookings – Lonely Planet». Lonelyplanet.com. http://www.lonelyplanet.com/oman/sharqiya-region/sharqiya-wahiba-sands. Henta 3. juni 2016. 
  4. Alsharan, 615.
  5. 5,0 5,1 5,2 Darke and Shields, 216.
  6. 6,0 6,1 6,2 Alsharan, 216.
  7. Alsharan, 215, 279, 280.
  8. Pease, Patrick P.; Gregory D. Bierly; Vatche P. Tchakerianc; Neil W. Tindaled (September 1999). «Mineralogical characterization and transport pathways of dune sand using Landsat TM data, Wahiba Sand Sea, sultanatet Oman». Geomorphology 29 (3-4): 235–249. doi:10.1016/S0169-555X(99)00029-X. The Wahiba Sand Sea has been previously divided into upper (north and higher in elevation) and lower (south and lower in elevation) portions, based on dune morphology. 
  9. 9,0 9,1 Alsharan, 119, 316.
  10. Alsharhan, xii.
  11. Alsharan, 282.
  12. Cooke et al., 305.
  13. Webster, Roger (1991). «Notes on the Dialect and Way of Life of the Āl Wahība beduin of Oman». Bulletin of the School of Oriental and African Studies, University of London (Cambridge University Press) 54 (3): 473–485. JSTOR 619056. doi:10.1017/S0041977X00000835. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wahiba-sanden