Hopp til innhald

Waihi Beach

Waihi Beach
busetnad
Land  New Zealand
Region Waikato
Folketal 2 100 (30. juni 2018)
Kart
Waihi Beach
37°24′18″S 175°56′28″E / 37.405°S 175.941°E / -37.405; 175.941
Waihi Beach.

Waihi Beach er ein kystbusetnad heilt vest i havbukta Bay of PlentyNordøyaNew Zealand. Han ligg ti km aust for byen Waihi, ved foten av Coromandelhalvøya. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet 1 773.[1]

Maoriar har vore busette i området frå før-europeisk tid, og ein kan enno sjå ei rekkje pa innanfor nokre få km frå Waihi Beach. Europeisk busetnad tok for alvor til då det vart funne gull i området i 1870, men det var vanskeleg å koma til årene, og den einaste drivverdige gruva i området i mange år var den store Martha's Mine ved Waihi.

Waihi Beach og den nærliggjande vesle busetnaden Bowentown ved vestenden til hamna i Tauranga er populære feriestadar. Her ligg ei av dei sikraste havstrendene i landet, ei åtte km lang sandstrand.[2] Til saman ligg folketalet kring 1900. Bowentown har sin eigen BMX-bane som er open for alle, like ved ein populær fritidspark.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Statistics New Zealand, arkivert frå originalen 15. september 2008, henta 16. juli 2008
  2. L. Harper; T. Mudd; P. Whitfield; D. Hall (September 2006). The Rough Guide to New Zealand (5. utg.). New York, London, Delhi: Rough Guides. s. 424. ISBN 1-84353-679-X.

37°24′S 175°56′E / 37.400°S 175.933°E / -37.400; 175.933