Waipaelva
Utsjånad
37°41′S 175°09′E / 37.683°S 175.150°E
Waipa Waipa River | |||
elv | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Waikato | ||
Waipaelva 38°09′07″S 175°12′29″E / 38.152°S 175.208°E | |||
Waipa River – den største tilførselen til Waikatoelva.
| |||
Wikimedia Commons: Waipa River |
Waipaelva er ei elv som renn gjennom regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Hovudløpet ligg i høgdedraget Rangitoto Range aust for Te Kuiti. Ho renn nordover i 115 km, gjennom Otorohanga og Pirongia, før ho munnar ut i Waikatoelva ved Ngaruawahia. Ho er den største tilførsleelva til Waikatoelva.
I elvevatnet ovanfor Otorohanga kan elva vera svært klår ved lita vassføring. Denne delen av elva går gjennom ulendt jordbruksland og område med urørd skog.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Waipa River» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2009.