Waipu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Waipu er ein liten by med sterk skotsk kulturarv. Han ligg i Bream Bay i Whangareidistriktet i regionen NorthlandNew Zealand. Ved folketeljinga i 2006 hadde byen 1491 innbyggjarar. Koordinatar: 35°59′S 174°27′E

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Waipu var sentrum i ein betydeleg presbyteriansk busetnad leia av av den karismatiske presten Norman McLeod, som førte tilhengjarane sine frå høglandet i Skottland til New Zealand via St. Ann'sNova Scotia og Australia. Fem skipslaster med i alt nesten 1000 nybyggjarar kom til Waipu i 1850-åra, og blant immigrantane var folk som drog ut frå Skottland alt i 1817, mellom dei presten.

I 1914 vart det stukke ut ei jarnvegslinje mellom North Auckland Line og Waipu for å vera til nytte for landbruksverksemdene i området. Bygginga av linja vart utsett p.g.a. den første verdskrigen, men i 1920 vart 25 menn sette i gang med grunnarbeidet. Alt kring 1924 var private motorkøyrety vorte meir vanlege, og utbygging av jarnvegslinjer i tynt folkesette område mindre naudsynte. Det var heller ikkje noko nevneverdig industriell aktivitet i Waiputraktene, så sidelinja syntest ikkje lenger økonomisk, og bygginga vart avslutta før det var blitt lagt ei einaste skjene.[1]

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Eit årleg høgdepunkt i byen er «Høglandsleikane» (Highland Games) som vert skipa til ved nyttårstider.

Like utanfor byen ligg grottene Waipu Caves, som er kjende for å vera tilhaldsstad for ei mengd jonsokormar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Geoffrey B. Churchman and Tony Hurst, The Railways of New Zealand: A Journey Through History (Auckland: HarperCollins, 1991), pg. 100.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]