Waitahanui-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Waitahanui-elva (engelsk Waitahanui River) er ei elv i regionen WaikatoNordøyaNew Zealand.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Waitahanui er ei av dei tre største elvene som renn inn i Tauposjøen (dei andre er Tongariro-elva og Taupo-Tauranga-elva). Waitahanui renn ut frå åssidene i Kaimanawa Range og kryssar riksvegen State Highway 1 der ho renn gjennom busetnaden Waitahanui, før ho når Tauposjøen.

Sportsfiske[endre | endre wikiteksten]

Waitahanui er ei populær fiskeelv, og i vintermånadane går regnbogeaure og aure opp i elva for å gyta. I munningen til Waitahanui føregår òg Picket Fence Catch («stakittgjerdefisket)», der ein ofte kan sjå sportsfiskarar stå skulder ved skulder i vatn til brystet tvers over elvemunningen, der dei pørver å fanga så mykje fisk som råd når han går opp i elva.

Debatt om offentleg tilgjenge[endre | endre wikiteksten]

I seinare år har det kome til auka spenning mellom lokale maoriar og sportsfiskarar om tilgjenge til elva. Etter den avtalen som gjeld for tida, har sportsfiskarar som har løyst fiskelisens rett til å ferdast 20 meter frå elvebreidda. Somme lokale grunneigarar har ikkje vore samde i dette, slik at det har kome til ein del konfrontasjonar mellom fiskarar og grunneigarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 37°50′S 176°36′E