Waitakere Ranges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Lion Rock («Løveklippa») ved Pihastranda

Waitakere Ranges er ei kjede av åsar som strekkjer seg hovudsakleg 25 km frå nord til sør om lag 25 km vest for AucklandNew Zealand. Den høgaste av åsane er 474 meter høg.

Den opphavlege maorinemninga på Waitakere Ranges og områda omkring, var Te Wao nui a Tiriwa.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Vegetasjon på Lion Rock ved Pihastrandam mellom anna blomstrande pohutukawa.
Skog i Waitakere Ranges.

Den vestlege kystlinja er danna av klipper som er over 300 meter høge og med strender innimellom. Den taggete og oppreiste topografien er danna av vulkansk konglomerat og lavastraumar som har motstått erosjonen. Åsane er kledde av naturleg skog og buskvekstar som for ein stor del er i ein voksterfase etter utstrekt hogst og jordbruj i midten og slutten av 1800-talet og først på 1900-talet.

Landskapsvern[endre | endre wikiteksten]

I 1894 leia sir Algernon Thomas, den første professoren i geologi og botanikk ved University of Auckland, og ein stor talsmann for å ta vare på Waitakere Ranges som eit naturvernområde, ein deputasjon til byrådet i Auckland City, og bad om at rådet måtte overtala styresmaktene til å setja av 3 500 acre eller 14 km² i Nihotupuområdet. Regjeringa støtta forslaget, og i 1895 vart dette området, og fleire mindre område i Waitakere Ranges avsett som «Reservat for bevaring av den opphavlege floraen og faunaen». Det verna området Waitakere Ranges Regional Park dekkjer no ca. 160 km².[1] Området er også verna under loven Waitakere Ranges Heritage Area Act 2008.[2]

Vassforsyning[endre | endre wikiteksten]

I 1900 vart det første av mange vassreservoar for vassforsyninga til Auckland bygd. Åsane får gjennomsnittleg meir enn 2 000 mm nedbør årleg, medan nedbørmengda i sjølve Auckland sentrum ligg under det halve av dette.[3] Når vêrsystema kjem inn frå Tasmanhavet, vert dei løfta såpass opp over åsane at det er tilstrekkeleg til at dei gir frå seg nedbør.

Dyr og fuglar[endre | endre wikiteksten]

Området er tilhaldsstad for kaurisniglar, eldfluger og innfødde langhala flaggermus. Langhala og korthala flaggermus er dei einaste landbaserte pattedyra på New Zealand. Ved Otakamiro Point, heilt i nordenden av åsrekkja, ligg ein av dei få hekkekoloniane til havsuler på hovudøyene i New Zealand.

Friluftsliv[endre | endre wikiteksten]

Utsyn frå Zion Hill Track i fjellkjeda.

I området ligg fire av dei mest populære strendene for surfing i Auckland: Muriwai, Te Henga (Bethells), Piha og Karekare. Strendene er typiske for strendene på vestkysten nord for Taranaki på den måten at dei alle er strender med svart sand. Dessutan er her eit utbreidd nettverk av ruter for fotturar og villmarksturar og utsiktsstader med vidt utsyn over kystane på aust- og vestsida og austover mot bysentrum. Ein veg, naturleg nok kalla «Utsiktsvegen» (Scenic Drive) går langs etter ein stor del av åsane frå Titirangi til Swanson. Der ligg eit informasjonssenter nær Titirangi.

I januar 2010 opna Auckland Regional Council opp Hillary Trail, ein 77 km lang turstien som går hovudsakleg nord-sør frå Muriwai til Arataki Visitor Centre gjennom. Stien har namn etter den newzealandske fjellklatraren Edmund Hillary.[4]

«Ark in the Park» er eit miljøvernprogram der organisasjonen Forest and Bird og Auckland Council samarbeider om å gjenintrodusera nokre av artane som er blitt utrydda i Cascades Kauri Park-delen av fjellkjeda. Prosjektet byrja i 2003 og dekkjer no ca. 23 km².[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Our parks - Waitakere Ranges, Auckland Regional Council. Accessed 13 April 2009.
  2. Waitakere Ranges Heritage Area Act 2008 (PDF)
  3. «Rainfall». Auckland Regional Council. 
  4. «The Hillary Trail». Auckland Council Regional Parks. 
  5. Pratt, Ciara (13 January 2013), Waitakere Ranges Sanctuary To Re-Introduce Kiwi, Stuff.co.nz, http://www.stuff.co.nz/auckland/local-news/western-leader/8241173/Kiwi-coming-home-to-the-West, henta 14. februar 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Waitakere Ranges

Koordinatar: 36°58′S 174°31′E