Waitomo District
Waitomo District | ||
Land: | ![]() | |
Folketal: | 9 441 [1] | |
Største by: | Te Kuiti | |
Andre byar: | Tiroa, Waitomo Caves Village, Piopio, Benneydale, Taharoa, Mahoenui, Mokauiti, Oparure, Waikawau, Te Maika, Arapae, Mokau, Te Waitere, Aria, Awakino, Marokopa, Te Anga, Mapiu, Hangatiki, Kopaki, Mangatoa | |
Distriktsstyre (Territorial Authority) | ||
---|---|---|
Namn: | Waitomo District Council | |
Leiar: | Mark Ammon | |
Flatevidd: | 3 546,76 km² | |
Heimeside: | http://www.waitomo.govt.nz/ | |
Regionstyre | ||
Namn: | Environment Waikato (EW Regional Council) | |
Heimeside: | http://www.ew.govt.nz |
Waitomo er eit distrikt som ligg nord i King Country, i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Ein liten del av distriktet, byen Tiroa, ligg i regionen Manawatu-Wanganui.
Distriktet er landleg og for ein stor del eit mjølkeproduserande område. Setet til distriktsstyret, Waitomo District Council, ligg i Te Kuiti, som har eit folketal på 4419. Ingen andre busetnader i distriktet har eit folketal over 500. Folketalet i heile distriktet var ved folketeljinga i 2006 9441[1], av desse var 39% māoriar. Flatevidda til distriktet er 3546,76 km², av dette ligg 94,87 prosent i regionen Waikato og 5,13 prosent i regionen Manawatu-Wanganui. Waitomo District vart oppretta i 1976.
Dei viktigaste næringsvegane i distriktet er saueavl, skogdrift og kalksteinsbrot.
Området er kjent for dei populære karstgrottene Waitomo Caves, tolv km nordvest for Te Kuiti. Det finst talrike andre grotter i kalksteinsklippene i Waitomodistriktet.
Vêrlag[endre | endre wikiteksten]
Gjennomsnittstemperaturen om sommaren er 18,5°C, om vinteren 9,5 °C, og årsnedbøren er 1473 mm. Det førekjem frost i gjennomsnitt 47 dagar i året, og det årlege talet på solskinstimar er 1749[2]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Waitomo District» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2009.