Wake Up av Eliot Vassamillet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Wake Up»
Song av Eliot Vassamillet
Land Belgia
Språk Engelsk
Utgjeve 28. februar 2019
Sjanger Pop
Lengd 02:59
Selskap Sony Music
Komponist Pierre Dumoulin
Låtskrivar(ar) Pierre Dumoulin, Eliot Vassamillet

«Wake Up» (norsk: vakn opp) er ein popsong frå 2019 som vert framført av den belgiske songaren Eliot Vassamillet. Songen var det belgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Eliot Vassamillet framfører «Wake Up» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

Deltakinga og ansvaret for å velje det belgiske bidraget til Eurovision Song Contest går på rundgang mellom den franskspråklege kringkastaren RTBF og den flamske kringkastaren VRT. I 2019 var det RTBF sin tur, og kringkastaren valde Eliot Vassamillet og «Wake Up» internt.[2] Songen er komponert av Pierre Dumoulin og vart offentleggjord 28. februar 2019.[3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2019 vart Belgia trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Belgia hadde startnummer 10.[4] «Wake Up» enda på ein 13. plass i sin semifinale og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[5]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019) Høgaste

plassering

 Belgia, Flandern (Ultratop)[6] 35
 Belgia, Vallonia (Ultratop)[7] 27
 Litauen (AGATA)[8] 77

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eliot - Belgium — Tel Aviv 2019». Henta 8. mai 2019. 
  2. «Eliot will voice Belgium’s Eurovision 2019 entry». 15. januar 2019. Henta 8. mai 2019. 
  3. «'Wake Up' is Eliot's song for Belgium in Tel Aviv». 28. februar 2019. Henta 8. mai 2019. 
  4. «First Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 7. mai 2019. 
  5. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019. 
  6. «Eliot - Wake Up». Henta 8. mai 2019. 
  7. «Eliot - Wake Up». Henta 8. mai 2019. 
  8. «Savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). AGATA. 24. mai 2019. Henta 3. desember 2019.