Walbrook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Walbrook var namnet på ein av dei små bekkene som tidlegare rant ut i Themsen ved London, og som i dag er forsvunne eller fullt overbygd. Walbrook fekk truleg namnet sitt fordi ho rann under eller gjennom bymuren London Wall. Ho kom oppe frå Finsbury og rann ut i Themsen omtrent der Cannon Street Railway Bridge ligg i dag, og delte dermed romarane sitt Londinium i to.

For den romerske busetjinga tente Walbrook truleg både som drikkevasskjelde og kloakk. På den austre breidda bygde romarane eit Mithra-tempel, som vart funne og undersøkt under byggearbeid etter andre verdskrigen. På austbreidda låg òg palasset til den romerske guvernøren.

Det einaste minnet om bekken i dagens London er den vesle gata Walbrook mellom Cannon Street stasjon og undergrunnsstasjonen Bank. Gata følgjer det løpet som Walbrook hadde på denne staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]