Waldemar Cierpinski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Waldemar Cierpinski

Bundesarchiv Bild 183-W0801-0126, Moskau, XXII. Olympiade, Waldemar Cierpinski.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 3. august 1950
Neugattersleben
Idrett friidrett
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Waldemar Cierpinski i 1983

Waldemar Cierpinski (fødd 3. august 1950) er ein tysk tidlegare langdistanseløpar frå Nienburg i Sachsen-Anhalt som vart olympisk meister i maratonløping både i 1976 og 1980. Han representerte Aust-Tyskland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1975-sesongen sette Cierpinski personleg rekordar på 10000 meter med 28.28,2 og på 5000 m med 13.36,6, den siste oppnådd under landskampen Noreg-Sverige-Austtyskland på Bislett stadion i Oslo.

Frå OL-sesongen 1976 satsa Cierpinski einsidig på maratonløp. Under dei olympiske leikane i Montreal sprang han i lag med tetgruppa dei fyrste 25 kilometerane, då tittelforsvarar Frank Shorter frå USA gjorde eit rykk. Cierpinski tok så opp jakta og passerte Shorter, som han slo med 51 sekundar. Cierpinski si vinnartid på 2.09.55 viste seg å verte hans beste gjennom heile maratonkarrieren.

Etter å ha vorte fjerdemann på maratondistansen ved EM 1978 i Praha, kom Cierpinski tilbake på sigerspallen under sommarleikane i Moskva i 1980. Her la han seg eit stykke bak leiargruppa som heldt eit ganske høgt tempo. Etter 36 km tok han att dei fremste i løpet og fekk så eit bra stort forsprang. Den siste kilometeren av løpet knappa nederlendaren Gerard Nijboer ned på leiinga, utan Cierpinski fekk vanskar med å sikre seg OL-gull nummer to.

Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, i Helsinki i 1983, kneip Cierpinski bronsemedaljen eitt sekund framom svensken Kjell-Erik Ståhl.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]