Waldemar Larssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Waldemar Larssen
Fødd3. november 1869
Død3. juni 1943 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFrisindede Venstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Waldemar Heggelund Larssen (3. november 18696. juni 1943) var ein norsk kjøpmann og politikar, fødd i Øksfjord, som representerte Finnmark og Frisinna VenstreStortinget i tida 1922-27.

Far til Larssen var lærar og klokkar i Øksfjord. Sjølv var han fiskar til han reiste til Tromsø, der han i 1889 tok eksamen ved Tromsø Seminarium. Dei neste 18 åra til 1907 var han lærar i Sarnes og Honningsvåg. Frå 1907 dreiv han landhandel og kjøp og sal av fisk i Storbukt, straks nord om sjølve Honningsvåg. Dessutan eigde han eit fiskebruk ved Kamøyvær.

Larssen var ordførar i Kjelvik herad i ni år, 1908–16. Hausten 1921 vart han vald til stortingsmann på ei fellesliste for Frisinnede Venstre og partiet Høgre, attvald tre år seinare. Den fyrste treårsperioden var han medlem i Protokollkomitéen, i den andre i Næringskomitéen. I dei fleste tingsesjonane fekk Larssen lengre permisjonar for å kunne drive forretningsverksemda si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi Arkivert 2018-07-11 ved Wayback Machine.