Walk, Don't Run

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Walk, Don't Run» er ein instrumental skriven og opphavleg spelt inn av jazzgitaristen Johnny Smith i 1954.[1] Han vart seinare omgjort og spelt inn på ny av Chet Atkins i 1956, og var eit spor på albumet Hi-Fi In Focus. Dette arrangementet var inspirasjonen for versjonen av The Ventures i 1960, som vart ein stor hit verda over og som av musikkmagasinet Rolling Stone vert rekna som ein av dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.

The Ventures[endre | endre wikiteksten]

Walk, Don't Run
Singel av The Ventures
frå albumet Walk, Don't Run
B-side «Home» (første utgåve)
«The McCoy» (seinare utgåver)
Utgjeve Juni 1960
Sjanger Rock, surferock
Lengd 2:00
Selskap Blue Horizon (USA)
Dolton (USA), Reo (Canada), Top Rank (UK)
Låtskrivar(ar) Johnny Smith
The Ventures-kronologi
«The Real McCoy»
(1959)
Walk, Don't Run «Perfidia»
(1960)


Etter å ha høyrt ei Chet Atkins-innspeling av «Walk Don't Run», gav The Ventures ut sin versjon av songen på singel våren 1960 på Dolton Records. Denne versjonen nådde andreplassen på Billboard Hot 100-lista og tredjeplassen på Cash Box-lista i fem veker i august og september 1960.[2] Dalton-utgåva hadde to B-sider. Den første utgåva hadde songen «Home» på B-sida, medan ei seiare utgåva hadde B-sida «The McCoy».

Denne singelen var den første nasjonale utgjevinga deira og sparka karrieren til The Ventures i gang. Songen vart spelt inn før bandet hadde fått fast trommeslagar. Trommisen på innspelinga var Skip Moore, som fekk valet mellom å få 25 dollar for innspelinga der og då, eller 25 % av inntektene bandet kom til å tene på songen seinare. Han valte å ta pengane der og då. Bob Bogle spelte sologitar på innspelinga. Bandet spelte i 1964 inn songen på ny, og vart det første bandet som fekk to hittar på Topp 10 i USA med to forskjellige versjonar av den same songen.

I Storbritannia vart melodien spelt av John Barry Seven, som nådde 11. plassen på Record Retailer-lista, og gjorde det betre enn The Ventures-versjonen.

I juli 2003 vart melodien spelt inn av Ventures-gitaristen Nokie Edwards og Light Crust Doughboys for albumet Guitars Over Texas. Denne versjonen kjend for det jazz-aktige verset og bruken av klaverinstrument i staden for rytmegitar.[3]

Magasinet Rolling Stone rangerte The Ventures-versjonen av songen som den 82. beste gitarsongen gjennom tidene.

«Walk, Don't Run '64» var ei nyinnspeling av The Ventures med ein gitarstil som minna meir om «Misirlou», og som byrjar med å bli tona inn. Han nådde åttande plassen på Billboard Hot 100-lista og niandeplassen på magasinet Cash Box si liste i 1964. B-sida denne gongen var «The Cruel Sea», var ein versjon av The Dakotas-singelen i 1963. På begge innspelingane spelte Nokie Edward sologitar. Denne innspelinga vart nytta i ein dansescene i den australske filmen The Goddess of 1967 av Clara Law i 2000.

Utvalde innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stringham, Bart (November 2005). «The Song That Launched A Thousand Ships (…filled with guitar players)». Just Jazz Guitar (45): 42. Henta 25. februar 2018. 
  2. «Cash Box Top Singles - 1960». Cashbox. Henta 25. februar 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Art Greenhaw Music CD's & Cassettes». The Connextion. Henta 25. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]