Walk Away Renée

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walk Away Renée
Singel av The Left Banke
frå albumet Walk Away Renée/Pretty Ballerina
B-side

I Haven't Got the Nerve

Utgjeve Juli 1966
Sjanger Barokk pop[1]
Lengd 2:43
Selskap Smash
Tekstforfattar Michael Brown
Låtskrivar(ar) Michael Brown, Bob Calilli, Tony Sansone
Produsent World United Productions, Inc.
The Left Banke-kronologi 
Walk Away Renée «Pretty Ballerina»
(1966)


«Walk Away Renée» er ein song skriven av Michael Brown, Bob Calilli og Tony Sansone for bandet The Left Banke. Songen kom ut på singel i juli 1966 med Steve Martin Caro på solovokal. Han låg 13 veker inne på den amerikanske singellista og nådde femteplassen.[2]

Songen har ein fløytesolo i midten av songen. Brown fekk ideen til denne soloen frå The Mamas & the Papas-songen «California Dreamin'» som var blitt spelt inn i november 1965, men ikkje vart ein hit før tidleg i 1966.[3] Arrangementet består av svulstige strykarar, klingande cembalo og ein fallande bassmelodi. Produksjonen er tilskriven World United Productions, Inc., men innspelinga vart produsert av faren til Brown, fiolinisten Harry Lookofsky, som òg leia strykarane.[4]

Rolling Stone plasserte «Walk Away Renée» på 220. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[5] Songen gjekk inn att på listene i versjonar av The Four Tops (1967) og Rick Price (1993).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Trommer: Al Rogers
  • Bass: John Abbott
  • Gitar: George (Fluffer) Hirsh
  • Cembalo: Mike Brown
  • Strykarar: Harry Lookofsky & Friends
  • Fløyte: Jackie Kelso [ikkje oppført]
  • Arrangør: John Abbott
  • Solovokal: Steve Martin Caro
  • Korvokal: George Cameron & Tom Finn
  • Lydteknikar: Steve Jerome
  • Produsert av Harry Lookofsky, Steve Jerome, Bill Jerome[4]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
Canada RPM 3
New Zealand 5
US Billboard Hot 100[6] 5
US Cash Box Top 100[7] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
US Billboard Hot 100[8] 40


Walk Away Renée
Song av The Four Tops
frå albumet Reach Out
Utgjeve Januar 1968
Selskap Motown
Tekstforfattar Michael Brown
Låtskrivar(ar) Michael Brown, Bob Calilli, Tony Sansone
Produsent Brian Holland, Lamont Dozier
The Four Tops-kronologi 
«You Keep Running Away» Walk Away Renée «If I Were a Carpenter»


Four Tops-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Four Tops-innspelinga av songen kom ut i 1967 på albumet Reach Out og vart den nest mest sukessrike versjonen av songen,[9] med ein 15. plass på soul-lista i USA,[10] 14. plassen på Billboard Hot 100 og nådde høgare enn The Left Banke i Canada med ein andreplass på RPM Magazine-lista. I Storbritannia nådde singelen tredjeplassen på UK Singles Chart og femteplassen på Irish Singles Chart i januar 1968.[11][12] The Andantes song korvokal på denne Motown-utgåva.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
Canada RPM 2
Ireland 5
UK[12] 3
US Billboard Hot 100[11] 14
US Billboard R&B/Soul[10] 15

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
Canada[13] 78
UK 82
US (Joel Whitburn's Pop Annual)[14] 113

Rick Price-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Walk Away Renée
Song av Rick Price
frå albumet Heaven Knows
Utgjeve Mai 1993
Sjanger Pop, softrock
Lengd 4:26
Selskap Columbia Records
Tekstforfattar Michael Brown
Låtskrivar(ar) Michael Brown, Bob Calilli, Tony Sansone
Produsent Chris Lord-Alge
Rick Price-kronologi 
«A House Divided» Walk Away Renée «Where Is the Love»


I mai 1993 vart «Walk Away Renée» gjeven ut av den australske songaren Rick Price som den femte singelen deira frå debutalbumet Heaven Knows. Songen nådde 21. plassen i Australia.

Vonda Shepard spelte inn ein versjon for TV-serien Ally McBeal, som finst på albumet hennar Songs from Ally McBeal (1998).

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1993) Plassering
Australia (ARIA)[15] 21
Tyskland (Media Control AG)[16] 52

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stanley, Bob (21. september 2007). «Baroque and a soft place». The Guardian. 
  2. «Walk Away Renee : Rolling Stone». Web.archive.org. 9. desember 2004. Arkivert frå originalen 26. februar 2009. Henta 1. september 2019. 
  3. «California Dreamin', Present at the Creation». NPR. Arkivert frå originalen 18. februar 2011. Henta 29. april 2011. 
  4. 4,0 4,1 «Session Notes For Walk Away Renee/Pretty Ballerina LP». Leftbanke.nu. Arkivert frå originalen 20. april 2007. 
  5. «The RS 500 Greatest Songs of All Time : Rolling Stone». Web.archive.org. 9. desember 2004. Arkivert frå originalen 25. juni 2008. Henta 1. september 2019. 
  6. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002
  7. «Cash Box Top 100 Singles, 5. november 1966». Arkivert frå originalen 30. mai 2015. Henta 8. januar 2018. 
  8. «Top 100 Hits of 1966/Top 100 Songs of 1966». Musicoutfitters.com. Henta 1. september 2019. 
  9. Studwell, William E.; Lonergan, David (1999). The Classic Rock and Roll Reader: Rock Music from Its Beginnings to the Mid-1970s. Routledge. s. 148. ISBN 0-7890-0151-9. 
  10. 10,0 10,1 Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 212. 
  11. 11,0 11,1 Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955–2006. Record Research Inc. s. 317. ISBN 0-89820-172-1. 
  12. 12,0 12,1 Brown, Tony.; Warwick, Neil (2004). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 426. ISBN 1-84449-058-0. 
  13. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». www.collectionscanada.gc.ca. 
  14. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  15. "Australian-charts.com – Rick Price – Walk Away Renée". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  16. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]