Walk Away Renée/Pretty Ballerina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walk Away Renée / Pretty Ballerina
Studioalbum av The Left Banke
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1967
Innspelt
Sjanger Barokk pop
Lengd 27:59
Selskap Smash
Produsent Harry Lookofsky
The Left Banke-kronologi 
Walk Away Renée / Pretty Ballerina The Left Banke Too
(1968)


Singlar frå Walk Away Renée / Pretty Ballerina
  1. «Walk Away Renée»
    Utgjeve: Juli 1966
  2. «Pretty Ballerina»
    Utgjeve: Desember 1966
  3. «She May Call You Up Tonight»
    Utgjeve: Mai 1967
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[2]

Walk Away Renée/Pretty Ballerina er debutalbumet til det amerikanske barokkpopbandet The Left Banke, gjeve ut i februar 1967. Det er kalla opp etter dei to hitsinglane deira, «Walk Away Renée» og «Pretty Ballerina», og nådde 67. plassen på Billboard Albums-lista.[3] Sjølv om albumet ikkje var særleg populært då det kom ut, og ei stund var temmeleg obskurt,[4] vert det i dag rekna som eit av dei klåraste døma på barokk popmusikk.[5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1966 gav The Left Banke ut singlane «Walk Away Renée» og «Pretty Ballerina», som nådde høvesvis femte og femtandeplassen på Billboard Hot 100. Dei var skrivne av klaverspelaren Michael Brown, som var sonen til produsenten deira og jazzfiolinisten Harry Lookofsky, og begge singlane og B-sidene deira var med på albumet.

Dei første innspelingane for Walk Away Renée/Pretty Ballerina byrja i desember 1965 i det vesle World United Studio på 48th og BroadwayManhattan, medan innspelingane for singlane fann stad i mars og november 1966. Resten av albumet vart spelt inn i januar 1967 i Mercury Studios i New York.[1] I løpet av 1966 sparka faren til Michael Brown, Harry Lookofsky, både den orriginale trommeslagaren Warren David-Schierhorst og gitaristen Jeff Winfield, og erstatta dei med George Cameron og Rick Brand.[6]

Dei fleste songane på albumet er sungen av Steve Martin Caro, med harmonivokal av bassisten Tom Finn og trommeslagaren Cameron. Dei fleste songane er òg spelte inn med ekstra studiomusikarar. Klaverspelaren Brown er den einaste som spelar instrument på kvar song.[6] Det er likevel sjølve bandet som spelar på songane «Let Go of You Girl» og «Lazy Day».[6] «What Do You Know», med solovokal av Brown, er eit tidleg døme på countryrock, på liknande vis som dei samtidige The Byrds, International Submarine Band og Buffalo Springfield.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Pretty Ballerina» (Smash singel 2074)Michael Brown2:32
2.«She May Call You Up Tonight» (Smash singel 2097)Michael Brown, Steve Martin Caro2:18
3.«Barterers and Their Wives» (Smash singel 2097b)Michael Brown, Tom Feher2:56
4.«I've Got Something on My Mind» (Smash singel 2119b)Brown, Martin-Caro, Cameron2:46
5.«Let Go of You Girl»Brown, Martin-Caro, Cameron2:53
6.«Evening Gown»Michael Brown, Tom Feher1:46

Side to[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Walk Away Renée» (Smash singel 2041)Brown, Tony Sansone, Bob Calilli2:40
2.«What Do You Know»Michael Brown, Tom Feher2:57
3.«Shadows Breaking Over My Head»Michael Brown, Steve Martin-Caro2:34
4.«I Haven't Got the Nerve» (Smash singel 2041b)George Cameron, Steve Martin-Caro2:13
5.«Lazy Day» (Smash singel 2074b)Michael Brown, Steve Martin-Caro2:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1967 Billboard 200 67
1967 Cashbox 59

Singles

År Singel Liste Plassering
1966 «Walk Away Renée» Billboard Hot 100 5
1966 «Walk Away Renée» Cashbox 2
1966 «Walk Away Renée» RPM magazine 3
1966 «Pretty Ballerina» Billboard Hot 100 15
1966 «Pretty Ballerina» Cashbox 12
1966 «Pretty Ballerina» RPM magazine 4
1967 «She May Call You Up Tonight» Billboard Hot 100 120

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hyde, Bob. (1985). History of The Left Bank (1985 LP liner notes - discography and sessionography). 
  2. http://www.allmusic.com/album/walk-away-ren%C3%A9e-pretty-ballerina-mw0000845255
  3. «The Left Banke - Billboard Albums». Allmusic. Henta 1. september 2019. 
  4. The album, and indeed the band, does not even rate a mention in two early rock music encyclopedias - The Illustrated Encyclopedia of Rock (New York: Harmony Books, 1977) and The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll (New York: Random House, 1980 ISBN 0-394-73938-8).
  5. «Steve Smith: Wyman and Taylor join the Rolling Stones onstage; Coldplay takes a break». Arkivert frå originalen 3. desember 2012. Henta 1. september 2019. . Pasadena Star-News. 29. november 2012.
  6. 6,0 6,1 6,2 Schinder, Scott (2011). Walk Away Renée/Pretty Ballerina (CD booklet). The Left Banke. Sundazed Records.