Walk of Life av Dire Straits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walk of Life
Rock av Dire Straits
frå albumet Brothers in Arms
B-side

«One World»
«Two Young Lovers» (live)

Språk engelsk
Utgjeve 29. november 1985
Innspelt Desember 1984
Sjanger Countryrock, new wave
Lengd 4:12
Selskap Vertigo (United Kingdom), Warner Bros. Records (United States)
Komponist Mark Knopfler
Tekstforfattar Mark Knopfler
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent Mark Knopfler, Neil Dorfsman
Dire Straits-kronologi 
«Brothers in Arms»
(1985)
Walk of Life «Your Latest Trick»
(1986)


«Walk of Life» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits. Han kom ut på det bestseljande albumet deira, Brothers in Arms. Han vart sidan gjeven ut på konsertalbumet On the Night. Songen vart gjeven ut som singel i november 1985, men hadde først vore tilgjengeleg som B-sida til «So Far Away» som kom ut før Brothers in Arms. Singelen nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista og vart den første hitten deira i Storbritannia med ein andreplass der. Songen finst òg på to samleplater: Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits frå 1998 og The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations frå 2005.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nesten fjerna frå albumet då medprodusenten Neil Dorfsman meinte at han ikkje burde vere med, men resten av bandet ønskte å ha songen med.

Songen har ein enkel rock and roll-rytme med akkordendringar avgrensa til I-, IV- og V-akkordar. Den lange introduksjonen har ein særs gjenkjenneleg melodi spelt på synthesiser-orgel, noko som gjer han ein lett smak av Cajun-musikk. Songaren syng mellom anna «down in the tunnels, trying to make it pay», og refererer til gatesongarar som syng på undergrunnsstasjonar. Songane han spelar der er dei gamle slagarane, som «I Got a Woman», «Be-Bop-A-Lula», «What'd I Say», «My Sweet Lovin' Woman», og «Mack the Knife». Han spelar òg talking blues.

B-sider[endre | endre wikiteksten]

Songen vart sjølv gjeven ut som B-sida til den europeiske versjonen av «So Far Away», og hadde fleire B-sider i forskjellige land. Dei to songane som oftast vart nytta var eit konsertopptak av «Two Young Lovers», som tidlegare vart gjeven ut på EPen ExtendedancEPlay i 1983 og «One World», det åttande sporet frå Brothers in Arms. Ei dobbel vinylutgjeving kom ut i Storbritannia i 1985 i lag med gjennombrotssingelen til bandet, «Sultans of Swing», og konsertversjonar av «Two Young Lovers» og den sjeldnare songen «Eastbound Train», ein av dei første songane som Dire Straits spelte inn som demo, men som aldri vart gjeven ut på album eller singel.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for songen som vart vist i Storbritannia syner ein gatemusikar som har på seg same T-skjorta som Mark Knopfler, innimellom klipp av bandet som spelar songen på scenen, medan den amerikanske versjonen av videoen inneheld mange sportstabbar innimellom klipp av bandet som spelar songen på scenen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" singel
  1. «Walk of Life» – 4:07
  2. «One World» – 3:36
12" singel
  1. «Walk of Life» – 4:07
  2. «Why Worry» (instrumental) – 3:56
  3. «One World» – 3:36

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985–1986) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[1] 18
Australia (Kent Music Report)[2] 11
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 32
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[4] 23
Canada (CHUM)[5] 12
Canada Top Singles (RPM)[6] 7
Tyskland (Media Control AG)[7] 15
Irland (IRMA)[8] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[9] 20
Nederland (Mega Single Top 100)[10] 17
New Zealand (RIANZ)[11] 3
Sør-Afrika (Springbok Radio)[12] 2
Sveits (Schweizer Hitparade)[13] 24
UK Singles (Official Charts Company)[14] 2
US Billboard Adult Contemporary[15] 4
US Billboard Hot 100[15] 7
US Billboard Top Rock Tracks[15] 6
US Cash Box[16] 10

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Canada (RPM Top 100 Singlar)[17] 79
Liste (1986) Plassering
Australia (Kent Music Report)[18] 97
Sør-Afrika (Springbok Radio)[19] 14
US Billboard Hot 100[20] 49
US Cash Box[21] 92

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1986 spelte The Shadows ein instrumental versjon av songen på albumet Moonlight Shadows.
  • I 2007 spelte countryartisten Shooter Jennings inn ein versjon for albumet The Wolf. Songen vart den første singelen frå albumet, men nådde ikkje country-lista i USA.
  • Svensktoppsbandet Schytts spelte inn ein versjon med svensk tekst av Margot Borgström under tittelen «Livets gång», med eit arrangement svært likt det originale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Dire Straits – Walk of Life – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 15. september 2014.
  2. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – CHART POSITIONS PRE 1989». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 20. oktober 2014. 
  3. "Ultratop.be – Dire Straits – Walk of Life" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 15. september 2014.
  4. (nl) «Walk Of Life – DIRE STRAITS». Top 30. Henta 20. oktober 2014. 
  5. CHART NUMBER 1493 – Saturday, August 03, 1985, arkivert frå originalen 7. november 2006, henta 20. november 2014 . CHUM. Henta 20. oktober 2014.
  6. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 15. september 2014.
  7. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 15. september 2014.
  8. «The Irish Charts – All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 22. oktober 2014. 
  9. "Nederlandse Top 40 – Dire Straits - Walk of Life search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 15. september 2014.
  10. "Dutchcharts.nl – Dire Straits – Walk of Life" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 15. september 2014.
  11. "Charts.org.nz – Dire Straits – Walk of Life". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 15. september 2014.
  12. «South African Rock Lists Website SA Charts 1969 – 1989 Acts (D)». Rock.co.za. Henta 22. oktober 2014. 
  13. "Dire Straits – Walk of Life – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 15. september 2014.
  14. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 22. oktober 2014.
  15. 15,0 15,1 15,2 «Brothers in Arms – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 22. oktober 2014. 
  16. CASH BOX Top 100 Singlar – Week ending FEBRUARY 1, 1986, arkivert frå originalen 2. oktober 2012, henta 20. november 2014 . Cash Box magazine. Henta 20. oktober 2014.
  17. «Top Singlar – Volume 43, No. 16, December 28 1985». RPM. Library and Archives Canada. Henta 20. oktober 2014. 
  18. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1980s». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 20. oktober 2014. 
  19. «Top 20 Hit Singlar of 1986». Rock.co.za. Henta 20. oktober 2014. 
  20. «Top 100 Hits for 1986». The Longbored Surfer. Arkivert frå originalen 13. august 2012. Henta 20. oktober 2014. 
  21. The CASH BOX Year-End Charts: 1986, arkivert frå originalen 2. oktober 2012, henta 20. november 2014 . Cash Box magazine. Henta 20. oktober 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]