Walk on By

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walk On By
Singel av Dionne Warwick
frå albumet Make Way for Dionne Warwick
B-side

Any Old Time of Day (Bacharach & David)

Utgjeve 26. april 1964
Innspelt 9. juli 1964 i Bell Sound Studios, 22. november 1963
Sjanger Soul, pop
Lengd 2:55
Selskap Scepter 1274
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach, Hal David
Produsent Burt Bacharach, Hal David
Dionne Warwick-kronologi 
«Anyone Who Had a Heart»
(1963)
Walk On By «You'll Never Get to Heaven (If You Break My Heart)»

(1964)


«Walk On By» er ein song skriven av Burt Bacharach med tekst av Hal David. Songen vart opphavleg spelt inn av Dionne Warwick, som nådde sjetteplassen med sin versjon på Billboard Hot 100. Isaac Hayes spelte inn songen i 1969 og denne nådde då 30. plassen på Hot 100-lista og 13. plassen på R&B-lista.[1] «Walk On By» har sidan gått inn på salslistene fleire gonger i fleire land, i ganske så forskjellige arrangement.

Dionne Warwick-versjonen (1964)[endre | endre wikiteksten]

Originalversjonen av «Walk On By» vart spelt inn i desember 1963 samstundes som hitten hennar «Anyone Who Had a Heart». «Walk On By» var oppfølgjaren til denne singelen og kom ut i april 1964. Han nådde då sjetteplassen på Billboard Hot 100 i USA og toppen av Cashbox si R&B-liste.[2] (Billboard hadde ikkje ei rhythm and blues-lista i 1964). Songen nådde òg topp 10 på easy listening-lista til Billboard. Songen vart rangert på 70. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[3]

Trommeslagaren Gary Chester spelte på denne innspelinga.[4]

Warwick spelte òg inn ein tyskspråkleg versjon av songen kalla «Geh Vorbei».[5]

Liste (1964) Plassering
US Hot 100 6
US R&B 1
US A/C 7
UK Singles Chart 9

Bobby Kris & The Imperials-versjonen (1965)[endre | endre wikiteksten]

Folkrockgruppa Bobby Kris & The Imperials frå Toronto spelte inn ein versjon av songen seint i 1965. Songen vart ein stor hit i Canada og nådde åttandeplassen der tidleg i 1966. Dette vart den einaste hitten til bandet.

Liste (1966) Plassering
Canada RPM 100 8

Isaac Hayes-versjonen (1969)[endre | endre wikiteksten]

Walk On By
Singel av Isaac Hayes
B-side

«By the Time I Get to Phoenix»

Utgjeve 1969
Sjanger Funk, soul
Lengd 12:30
Selskap Scepter
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach
Hal David
Isaac Hayes-kronologi 
«Precious, Precious»
(1967)
Walk On By «The Mistletoe and Me»
(1969)


Funk/soul-musikaren Isaac Hayes spelte inn sin versjon av songen i 1969 for albumet Hot Buttered Soul og omforma songen til ein 12 og eit halvt minuttar lang funk-vamp. Han vart korta ned for singelutgåva til under fem minuttar. Denne singelen nådde 30. plass på den amerikanske singellista.

Liste (1969) Plassering
US Hot 100 30

The Stranglers-versjonen (1978)[endre | endre wikiteksten]

I 1978 gav The Stranglers ut ein punkrockversjon (med ein lengre orgelsolo) som nådde 21. plassen på UK Singles Chart.[6] Musikkvideoen for denne versjonen var basert på filmen «Blowup» frå 1966 og vart filma same stad som filmen, i Maryon Park i London.[7]

Liste (1978) Plassering
UK Singles Chart[6] 21

Average White Band-versjonen (1979)[endre | endre wikiteksten]

Average White Band spelte inn ein lett disco-aktig versjon (med reggae og spor av funk) som gjekk inn på listene i 1979. Sjølv om AWB hovudsakleg vert hugsa som eit instrumentalt band, hadde versjonen deira av «Walk On By» vokal.

Liste (1979) Plassering
UK Singles Chart 46
US Hot 100 92

D-Train-versjonen (1982)[endre | endre wikiteksten]

I 1982 gav funkduoen D-Train ut ein versjon av songen i boogie/funk-stil.

Liste (1982) Plassering
UK Singles Chart 44
US R&B 42
US Dance 45

Jo Jo Zep-versjonen (1983)[endre | endre wikiteksten]

I 1983 gav det australske bandet Jo Jo Zep ut ein versjon av songen i ein langsam versjon med elektroniske lydar og synthesizerar. Songen vart ein liten hit i Australia og nådde 55. plassen der, men vart ein stor hit i New Zealand, der han nådde sjetteplassen.

Liste (1983) Plassering
Australia 55
New Zealand 6

Melissa Manchester-versjonen (1989)[endre | endre wikiteksten]

I 1989 nådde versjonen til songaren Melissa Manchester sjetteplassen på Billboard Adult Contemporary-lista.

Liste (1989) Plassering
US A/C 6

Sybil-versjonen (1990)[endre | endre wikiteksten]

I 1990 fekk songaren Sybil, som hadde fått den største hitten sin året før med ein versjon av Warwick sin «Don't Make Me Over», ein hit i Storbritannia og USA med «Walk On By».

Liste (1990) Plassering
UK Singles Chart 6
US Hot 100 74
US R&B 3
US Dance 3

Gabrielle-versjonen (1997)[endre | endre wikiteksten]

I 1997 gav den britiske songaren Gabrielle ut sin versjon av «Walk on By» som den femte og siste singelen hennar frå Gabrielle. Denne nådde sjuandeplassen i Storbritannia.

Liste (1997) Plassering
UK Singles Chart 7
Nederland 96

Cyndi Lauper-versjonen (2003)[endre | endre wikiteksten]

«Walk on By» var den første singelen frå Cyndi Lauper-albumet At Last frå 2003.

Liste (2004) Plassering
U.S. Billboard Hot Dance Club Play 10

Seal-versjonen (2005)[endre | endre wikiteksten]

Seal gav ut ein versjon av «Walk On By» som singel i januar 2005. Songen gjekk ikkje inn på singellista i heimlandet Storbritannia, men nådde nedre del av singellistene i fleire land i Europa.

Liste (2005) Plassering
Austerrike 57
Tyskland 49
Sveits 46

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel, The Billboard Book of TOP 40 R&B and Hip Hop Hits, Billboard Books, New York 2006
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 609. 
  3. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Henta 4. februar 2015. 
  4. «The Official Gary Chester Website - Diskografi». Angelfire.com. Henta 4. februar 2015. 
  5. Geh Vorbei (Walk On By)YouTube
  6. 6,0 6,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 535. ISBN 1-904994-10-5. 
  7. «Vampire Diaries!». Strangled.co.uk. Arkivert frå originalen 13. juli 2014. Henta 4. februar 2015. 
  8. «Cool Breeze overview». *Allmusic.com. 
  9. «CD Review of Bob Baldwin - Cool Breeze». JazzReview.com. Arkivert frå originalen 6. november 2003. Henta 4. februar 2015. 
  10. The Outcasts from Manhasset, New York-diskografi på Discogs
  11. «Tracks on Helen Hits Out! - Helen Shapiro (November 1964) - SecondHandSongs». Secondhandsongs.com. Henta 4. februar 2015. 
  12. «Reflections overview». Allmusic.com. 
  13. «Reflections CD Sequel Is Next For Peter White». Allmusic.com. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 4. februar 2015. 
  14. We Five, There Stands the Door: The Best of We Five Arkivert 2012-05-22 ved Wayback Machine. Henta 7. mars 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]