Walk on the Wild Side

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Walk on the Wild Side
Singel av Lou Reed
frå albumet Transformer
A-side

«Perfect Day»

Utgjeve 24. november 1972
Innspelt August 1972
Studio Trident, London
Sjanger Glamrock[1][2]
Lengd 4:12
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent
Lou Reed-kronologi
«Walk and Talk It»
(1972)
Walk on the Wild Side «Satellite of Love»
(1973)


«Walk on the Wild Side» er ein song av Lou Reed frå det andre soloalbumet hans Transformer frå 1972. Han vart produsert av David Bowie i lag med Mick Ronson. Songen vart mykje spelt på radio, trass i at han rører tabutema som transseksualitet, narkotika, mannleg prostitusjon og oralsex, og at uttrykket «colored» (farga) syner til afroamerikanarar. I USA gav RCA ut ein forkorta versjon av songen som singel, der referansen til oralsex var fjerna.

Teksten om fleire personar og reisa deira gjennom New York City, og referer til fleire «superstjerner» frå Andy Warhol sitt New York-studio, The Factory, nemleg Holly Woodlawn, Candy Darling, Joe Dallesandro, Jackie Curtis og Joe Campbell (omtalt med kallenamnet «Sugar Plum Fairy»). Candy Darling var òg tema i ein tidlegare song av Reed for The Velvet Underground, «Candy Says».

Saksofonsoloen i avslutninga er spelt av Ronnie Ross, som tidlegare hadde lært David Bowie å spele saksofon.

Korvokalen vert sungen av Thunderthighs, ei jentegruppe som bestod av Dari Lallou, Karen Friedman, Jacki Campbell og Casey Synge.

Songen er òg kjend for den doble basslinja spelt av Herbie Flowerskontrabass og overdubba med bandlaus bass. I eit intervju på BBC Radio 4 (Playing Second Fiddle, frå juli 2005) hevda Herbie Flowers at årsaka til at han kom opp med den doble basslinja var at som studiomusikar ville han få dobbelt betalt for å spele to instrument på same spor.

I dokumentaren Classic Albums: Lou Reed: Transformer i 2001, seier Reed at det var romanen med same namn av Nelson Algren frå 1956, som var utgangspunktet for songen.

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972–73) Plassering
Australia (Kent Music Report)[3] 100
Canada RPM[4] 18
Irland (IRMA)[5] 13
Nederland (Mega Single Top 100)[6] 15
UK Singles (Official Charts Company)[7] 10
US Billboard Hot 100[8] 16
US Cash Box Top 100 17
Liste (2013) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[9] 57
Frankrike (SNEP)[10] 13
Tyskland (Media Control AG)[11] 67
Italy (FIMI)[12] 17
Japan (Japan Hot 100)[13] 29
Spania (PROMUSICAE)[14] 21
Sveits (Schweizer Hitparade)[15] 39
UK Singles (OCC)[16] 53
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[17] 14

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Canada [18] 95

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[19] Platina 50 000*
Storbritannia (BPI)[20] Gull 400 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine


Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt av mange andre artistar som Company B, Jamie J. Morgan, Gerty Molzen, Echo & the Bunnymen, Jimeoin, The Strokes, Robbie Williams, Sponge, The Rentals, Train, Vanessa Paradis, Jesse Malin, Young@Heart, Moby, Editors, Yves Klein Blue, Rick Braun, Tok Tok Tok og Pink Turtle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fleischmann, Mark and Ira Robbins. «Lou Reed». Trouser Press. Henta 29. mars 2022. 
  2. Pepinster, Catherine (15. august 1998). «Gold Dust: Glamrock's top 10 singles». The Independent. Henta 9. februar 2021. 
  3. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. 17. juli 2013. Henta 8. oktober 2016. 
  5. "The Irish Charts – Search Results – Walk on the Wild Side". Irish Singles Chart.
  6. "Dutchcharts.nl – Lou Reed – Walk on the Wild Side" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  7. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  8. "Reed?f=379&g=Singles Lou Reed Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Lou Reed. Prometheus Global Media.
  9. "Lou Reed – Walk on the Wild Side – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  10. "Lescharts.com – Lou Reed – Walk on the Wild Side" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  11. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  12. «Archivio - Top Digital Download - Classifica settimanale WK 44 (dal 28-10-2013 al 03-11-2013)» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Arkivert frå originalen 12. desember 2013. Henta 4. juli 2014. 
  13. "Reed?f=848&g=Singles Lou Reed Album & Song Chart History" Japan Hot 100 for Lou Reed. Prometheus Global Media.
  14. "Spanishcharts.com – Lou Reed – Walk on the Wild Side" Canciones Top 50. Hung Medien.
  15. "Lou Reed – Walk on the Wild Side – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  16. «Official Singles Chart Top 100 | Official Charts Company». Officialcharts.com. 
  17. "Lou Reed Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 4. juli 2014.
  18. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 8. oktober 2016. 
  19. «Italian single salstrofé – Lou Reed – Walk on the Wild Side» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Lou Reed in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  20. «British single salstrofé – Lou Reed – Walk on the Wild Side». British Phonographic Industry.  Enter Walk on the Wild Side in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go