Walking Out

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Walking Out»
Song av Srbuk
Land Armenia
Språk Engelsk
Utgjeve 10. mars 2019
Sjanger Elektropop
Lengd 02:56
Selskap Effective
Låtskrivar(ar) Garik Papoyan, Lost Capital, tokionine
Srbuk framfører «Walking Out» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

«Walking Out» (norsk 'går ut') er ein popsong frå 2019 som vert framført av den armenske songaren Srbuk. Songen er skriven av Lost Capital, tokionine og Garik Papoyan – som òg skreiv det armenske bidraget frå 2014 for artisten Aram Mp3. «Walking Out» var det armenske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[1]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Walking Out» vart vald ut av Armenias offentlege TV-selskap til å representere landet i Eurovision Song Contest. Artisten Srbuk vart vald som den armenske representanten i november 2018. «Walking Out» vart offentleggjort 10. mars 2019.[2]

«Walking Out» var det fyrste bidraget på scena i den andre semifinalen torsdag 16. mai 2019 i Expo Tel Aviv.[3] Songen enda på 16. plass i semifinalen, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[4]

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Digital nedlasting[5]
Nr. Tittel Lengd
01 «Walking Out» 2:56
Digital nedlasting[6]
Nr. Tittel Lengd
01 «Walking Out» (Piano-cover) 4:09
Digital nedlasting[7]
Nr. Tittel Lengd
01 «Walking Out» (Going Deeper-remiks) 3:08

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Armenia: "Walking Out" To Be Revealed On Sunday Evening» (på engelsk). 8. mars 2019. Henta 5. mai 2019. 
  2. «Armenia's Srbuk will be 'Walking Out' at Eurovision 2019». 10. mars 2019. Henta 5. mai 2019. 
  3. «Second Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 5. mai 2019. 
  4. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  5. «‎Walking Out - Single by Srbuk». iTunes (engelsk). Henta 5. mai 2019. 
  6. «‎Walking Out (Piano Cover) – Single by Srbuk». Itunes.com (engelsk). Henta 5. mai 2019. 
  7. «‎Walking Out (Going Deeper Remix) – Single by Srbuk». iTunes (engelsk). Henta 5. mai 2019.