Walking to New Orleans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walking to New Orleans
Song av Fats Domino
Språk engelsk
Utgjeve Juni 1960
Sjanger R&B
Selskap Imperial

5675

Komponist Bobby Charles
Tekstforfattar Bobby Charles, Fats Domino
Låtskrivar(ar) Bobby Charles

«Walking to New Orleans» er ein song frå 1960 av Bobby Charles, skriven for og innspelt av Fats Domino.

Domino var ein helt for Charles. Domino hadde tidlegare spelt inn Charles-songen «Before I Grow Too Old». Då Domino stoppa på ein turné i Lafayette i Louisiana, inviterte han Charles til garderoben, og var lei seg for at han ikkje hadde ein kopi av plata han kunne gje til Charles. Han inviterte derimot Charles på besøk i New Orleans. Charles svarte «Eg har ikkje bil. Om eg kjem, så må eg gå til fots.» Etterpå vart tanken verande hos Charles og han sa han skreiv songen for Domino på kring 15 minuttar.

Etter han kom til New Orleans song Charles «Walking to New Orleans» for Domino. Domino var entusiastisk og gjorde nokre små endringar i songen, mellom anna eit sitat frå den tidlegare hitten hans, «Ain't That A Shame». Dave Bartholomew orkestrerte songen for bandet til Domino og dei spelte inn songen i studioet til Cosimo Matassa i Rampart Street.

Etter innspelinga valde Bartholomew å leggje på ein strykeseksjon med New Orleans Symphony. Det var uvanleg å bruke klassiske strykarar i tidleg rock and roll. Singelen selde over to millionar eksemplar og vart ein hit som nådde sjetteplassen på poplista og andreplassen på R&B-lista.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 168. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]