Wall of Sound

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wall of Sound (engelsk for «vegg av lyd», òg kalla Spector Sound)[1][2] er ein musikkproduksjonstekikk utvikla av den amerikanske plateprodusenten Phil Spector i Gold Star Studios i 1960-åra, med assistanse frå lydteknikarane Larry Levine og ei gruppe studiomusikarar som seinare vart kalla «The Wrecking Crew». Føremålet var å utnytte mogelegheitene i eit platestudio til å skape ein uvanleg massiv lyd som kom godt gjennom på radio og jukeboksar på dene tida. Spector forklarte i 1964: «Eg var på utkikk etter ein lyd, ei lyd så kraftig at om ikkje songane var dei ebste, så ville lyden bere plata fram. Det var snakk om å forsterke. Forsterke. Alt passa i lag som eit puslespel.»[3]

Ein kritisk feil var å tenke på Wall of Sound som skru volumet opp til fullt.[4] Levine hugsa korleis «andre lydteknikarar» feilaktige tenkte at prosessen gjekk ut på å skru alt opp til maks, men alt det skapte var forvrenging.»[3] For å få til Wall of Sound, brukte Spector mange musikarar samstundes, og gjerne instrument som det vanlegvis berre vart nytta eitt av, som elektriske og akustiske gitarar). Med doble eller til og med triple instrument skapte han ein meir fyldig og rikare tone.[5] Til dømes brukte Spector ofte eit akustisk piano, elektrisk piano og cembalo til å spele dei same tonane.[6] Når dei var miksa godt nok, var det ikkje mogeleg for lyttaren å skilje dei frå kvarandre.[6][7] I tillegg nytta Spector ei rekkje orkesterinstrument (strykarar, blåsarar og perkusjon) som ikkje tidlegare var nytta i ungdomsorientert popmusikk. Det vart òg nytta romklang frå eit ekkokammer. Ha skildra metodane sine som «ei wagnersk tilnærming til rock & roll: små symfoniar for ungdomen».[8]

Dei intrikate teknikkane var ikkje tidlegare blitt nytta i lydproduksjon for popmusikk.[3] Studiogitaristen Barney Kessel fortalte kor «veldig enkelt» det var, men «Spector spreidde ut mikrofonane slik at du ikkje kunne plukke ut eit enkelt instrument. Teknikkar som forvrenging og ekko var ikkjenytt, men Phil kom og brukte desse effektane på ein måte som ikkje var blitt gjort før. Eg tenkte det var genialt.»[6] I følgje Beach Boys-leiaren Brian Wilson, som brukte teknikken mykje: «I 1940- og 1950-åra vart arrangementet kvar for seg som som 'ok, høyr på dette valthornet her' eller 'høyr på denne strykeseksjonen no'. Det var ikkje kombinasjonar av lyd, og med Phil Spector fann me lydkombinasjonar, som vitskapleg sett er glimrande sider av lydproduksjon»[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Moorefield 2010, s. 10.
  2. Hoffman, Frank (2003). Birkline, Robert, red. «Survey of American Popular Music». Sam Houston State University. Henta 24. februar 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Buskin, Richard (April 2007). «CLASSIC TRACKS: The Ronettes 'Be My Baby'». Sound on Sound. Sound on Sound. Henta August 19, 2014. 
  4. David Hinckley; Back to Mono (1958–1969); 1991; ABKCO music, Inc.
  5. Zak 2001, s. 77.
  6. 6,0 6,1 6,2 Ribowsky 1989, s. 185-186.
  7. 7,0 7,1 «INTERVIEW WITH BRIAN WILSON OF THE BEACH BOYS IN EARLY 1980'S». Global Image Works. 1976. Arkivert frå originalen 26. juli 2014. Henta 24. februar 2018. 
  8. Williams 2003.