Wallis Simpson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wallis Simpson i 1936.

Wallis Simpson (fødd Bessie Wallis Warfield19. juni 189624. april 1986) var den amerikanskfødde kona til den tidlegare kong Edvard VIII av Storbritannia og hertuginne av Windsor. Ho er mest kjend for å vera grunnlaget for ei konstitusjonell krise i Storbritannia som enda med at kong Edvard VIII abdiserte for å gifta seg med henne.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Wallis Simpson var fødd i Blue Ridge Summit i Pennsylvania som dotter av Teackle Wallis Warfield og Alice Montague. Far hennar døydde nokre månader etter fødselen hennar, og i dei første leveåra tok mora hand om henne med økonomisk hjelp frå ein velståande farbror, Solomon Warfield. Seinare flytta dei inn med systera til mora, Bessie Merryman, etter at ho var blitt enkje i 1901. Warfield betalte seinare for utdanninga hennar ved internatskulen Oldfields School.

Tidlege ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Ekteparet Spencer i 1918.

Simpson gifta seg første gong 8. november 1916 med kamppiloten Earl Winfield Spencer, Jr. Medan dei var gifte hadde Spencer postar i San Diego og Det fjerne austen. Paret budde mykje av tida frå kvarandre, og skilde seg i 1927.

2. juli 1928 gifta Wallis seg på nytt, med den angloamerikanske skipsreiaren Ernest Simpson. Dei slo seg ned i Mayfair i London.

Tilhøvet til Edvard[endre | endre wikiteksten]

Hertugen og hertuginna av Windsor med president Richard Nixon i 1970.

Ekteparet Simpson hadde omgang i sosieteten. I 1931 møtte ho for første gong prinsen av Wales, den komande kong Edvard VIII, og dei to vart eit par kring 1933. Foreldra hans, kong Georg V og dronning Mary, møtte Wallis Simpson på Buckingham Palace i 1935,[1] men nekta seinare å motta henne.[2]

Den britiske pressa rapporterte ikkje om tilhøvet til paret før i desember 1936, men det var kjent utanlands. Simpson søkte om skilsmisse frå Ernest Simpson i 1936, same året som Edvard blei krona til konge. Då Edvard fortalde statsminister Stanley Baldwin at han planla å gifta seg med Wallis Simpson, møtte han kraftig motstand frå regjeringa, aristokratiet og kyrkja. Kongen føreslo at han kunne inngå eit morganatisk ekteskap, slik at Wallis Simpson aldri ville koma til å bli dronning. Dette blei avvist av Baldwin og ein del andre politikarar, mellom dei statsministrane for Australia og Sør-Afrika. Kongen blei fortald at om han gifta seg med Simpson ville heile regjeringa gå av. Edvard valde å abdisera den 11. desember 1936. Edvard flytta deretter til Austerrike i påvente av at skilsmissa til Simpson skulle fullendast, noko ho blei i mai 1937.

Paret busette seg så i Paris og gifta seg den 3. juni 1937 i ein privat seremoni i nærleiken av Tours i Frankrike. Ingen medlemmer av kongefamilien var til stades. Etter å ha abdisert fekk Edvard tittelen «Den høgvørde hertugen av Windsor» av broren sin, den nye kong Georg VI. Simpson blei såleis hertuginne av Windsor, men fekk ikkje titulerast som kongeleg. Wallis blei aldri godteken av den britiske kongefamilien.[3]

I 1937 vitja paret Tyskland som gjestar av Adolf Hitler, noko som førte til mistankar om at Simpson var ein tysk agent og nazistsympatisør. Under krigen flytta paret til Lisboa i Portugal og deretter til britisk-styrte Bahamas, der Edvard verka som guvernør. Etter krigen flytta dei tilbake til Frankrike og budde den meste tida i Neuilly-sur-Seine. Hertuginna gav ut memoara sine i 1956.[3]

Paret fekk ingen born. Edvard døydde 1972.  Hertuginna levde eit tilbaketrekt liv, og døydde heime i Bois de Boulogne den 24. april 1986.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • The Heart Has its Reasons (1956)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Windsor, p. 255
  2. Bradford, p. 142
  3. 3,0 3,1 3,2 Cannon, J., & Hargreaves, A. (2009), «Wallis Simpson, duchess of Windsor», The Kings and Queens of Britain, Oxford University Press, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780199559220.001.0001/acref-9780199559220-e-525 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]