Wallis- og Futunaøyane
Uoffisielt flagg | Våpen |
Status | Fransk oversjøisk kollektivitet (Collectivités d'outre-mer) |
---|---|
Administrateur supérieur | Marcel Renouf |
Hovudstad | Mata-Utu |
Offisielt språk | Fransk, futunaisk, uveisk |
Areal - % vatn |
274 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt |
ca. 16 309 (2007) |
Verdsdel | Oseania |
Internet-domene | .wf |
Tidssone | UTC +12 |
Internasjonal telefonkode | +681 |
Nasjonalsong |
Wallis- og Futunaøyane, fransk Wallis-et-Futuna, futunisk og uveisk Uvea mo Futuna, er eit fransk oversjøisk område i Stillehavet. Det omfattar Wallisøyane (Uvea) i nord og Futunaøyane i sør. Arealet er 274 km² og folketalet 16 309 (2007).
Øyane vart først folkesette av polynesiske folkeslag. Dei vart først vitja av europearar på 1600-talet. Franske misjonærar kom dit i 1837 og konverterte folket til katolisismen. Dei vart gjort til fransk protektorat i 1887 og 1888. Dei vart ein fransk koloni, underlagt Ny-Caledonia i 1917. I 1961 vart dei eit fransk oversjøisk territorium, og tilknytinga til Ny-Caledonia vart broten. I 2003 fekk dei status som fransk oversjøisk «kollektivitet».
Det store fleirtalet av folket på øyane, 97,3 % i 2003, er av polynesisk opphav, med eit lite mindretal av fransk opphav. Over 16 000 menneske med opphav frå Wallis- og Futunaøyane bur på Ny-Caledonia. Dei fleste snakkar polynesiske språk, uveisk (fakauvea) på Wallisøyane og futunaisk (fakafutuna) på Futunaøyane.